AHV-rådgjevar Bedriftssenter Bilde

Er du vår nye rådgivar innan antikvitvask?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
AHV-rådgjevar Bedriftssenter Sparebanken Sogn og Fjordane Sunnfjord Fulltid
Sparebanken Sogn og Fjordane Logo

Sparebanken Sogn og Fjordane

Langebruvegen 12
6800 FØRDE
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Helena Igelkjøn
41 50 09 33

Søknadsfrist

4. januar 2024 Søk på stillinga her

Interesse for fagfeltet økonomisk kriminalitet? Vi søker rådgjevar innanfor antikvitvask (AHV) som skal jobbe med vurderingar ved kundeetablering og løpande kundetiltak.

Det er stort fokus på å forebygge kvitvasking og terrorfinansiering både nasjonalt og internasjonalt. Vårt arbeid for å avdekke og stoppe økonomisk kriminalitet er viktig, og vi i Sparebanken Sogn og Fjordane ønsker difor å styrke bedriftssenteret med AHV-rådgjevarar for å ivareta dette arbeidet framover. Du vil vere med å bidra til at banken til ei kvar tid etterlever gjeldande kvitvaskingsreglar og sørge for at banken ikkje medverkar til økonomisk kriminalitet.

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte

  • Gjennomføre vurderingar knytt til antikvitvask ved kundeetablering og løpande kundetiltak
  • Analytisk, kunnskaps- og risikobasert tilnærming ved gjennomgang av innsendt kundeinformasjon
  • Kontrollere kundeinformasjon mot dei til ei kvar tid gjeldande krav innanfor kvitvaskingsområdet
  • Vurdere kunderisiko blant anna knytt til kunden sin forretningsmodell, bransje, størrelse, eigarstruktur og eigarstruktur
  • Kundekontakt på telefon og skriftleg
  • Støtte og rådgjeving til bedriftskundar og kollegaer

Vi søker deg som likar å analysere kundedata. Du utfordrar oss med nye idear og nye måtar å jobbe på. Du trivst med å vere ein lagspelar, men du har også driv og engasjement i sjølvstendig arbeid. I tillegg til dette ser vi etter deg som: 

  • har høgare utdanning innan økonomi, juridiske fag eller liknande
  • har relevant arbeidserfaring, gjerne frå bank, rekneskap eller revisjon
  • er analytisk, nøyaktig og strukturert
  • kan skape tillit og utvikle gode relasjonar til kundar og kollegaer
  • har kjennskap/interesse for næringslivet i regionen

Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. 

Her er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.

For meir informasjon om stillinga kontakt leiar for bedriftssenter, Helena Igelkjøn på tlf. 415 00 933.

Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 74 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.

Sparebanken Sogn og Fjordane Kulturbilde