Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Hyllestad kommune | Hyllestad | Fulltid |
Hyllestad kommune har ledig 100 % fast stilling som administrativ leiar i omsorg frå snarast.
Omsorg har ca 70 tilsette fordelt på 4 ansvarsområder med 6 avdelingar: Institusjon med 3 avdelingar, heimetenesta med 28 omsorgsbustadar og heimebuande, miljøtenesta og fagstab. Alle fire ansvarsområda er lokalisert i eit bygg i Sørbøvåg.
Omsorg har etablert ny organisering med to leiarar fordelt på administrasjon og fagansvar. Fagstab samansett av dyktige og fagleg sterke sjukepleiarar, vernepleiarar, fysioterapeut, ergoterapeut og pedagogisk personale. Stab vert leia av leiar for fagutvikling. Avdelingane er organisert i eigne avdelingar og vert drifta av dyktige avdelingsleiarar med helsefagarbeidarkompetanse. Kvar avdeling er bemanna med helsefagarbeidarar og assistentar, som saman med sin avdelingsleiar har dagleg driftsansvar for sine avdelingar. Administrativ leiar har personalansvar for avdelingsleiarane.
Fagstaben har det sjukepleiefaglege ansvaret i avdelingane og samarbeider tett med avdelingane i arbeidet rundt pasientane og brukarane. Organiseringa med ulik fagleg kompetanse i fagstab, gjev store mogelegheiter for utvikling av arbeidsteam på tvers av profesjonar med stort potensiale for å lykkast med heilskaplege løysingar og tenester til pasientane og brukarane våre.
Leiarstillinga er ei spanande og utfordrande stilling med stort ansvar og mynde. Hyllestad kommune ser etter ein leiar som er løysingsorientert, analytisk og strukturert, ser moglegheiter for god, økonomisk og fleksibel bruk av ressursar, og jaktar på dei innovative, smarte framtidsretta løysingane slik at eldre kan bu lenger i heimane sine i framtida. Du må ha god forståing for system, sakshandsaming, vedtakskompetanse, ikt, budsjett og økonomi, men også evne til god og tydleg leiing.
Noko av stillinga vil inngå i kommunedirektøren sin stab, med kommunedirektøren som næraste leiar.
Rapportering, søknad- og vedtakshandtering, saksutgreiing, økonomi og budsjett, samt leiing av prosjekt og utviklingsarbeid innan økonomi, ikt, system m.m, vil vere ein viktig del av arbeidsoppgåvene for leiar.
Velkomen som søkjar!