2 årig prosjektleiar i 100% stilling ved renovasjonen

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Ullensvang kommune Fulltid

2 årig prosjektleiar i 100% stilling ved renovasjonen - med mulighet for fast tilsetting.

Er du miljøengasjert, strukturert og har erfaring frå gjenvinningsbransjen? Då kan denne stillinga vere noko for deg!

Ullensvang Renovasjon driv innsamling og handtering av avfall frå hushaldningar, hytter og bedrifter i kommunen. Nye nasjonale krav til sortering og innsamling gjer at me no søker ein prosjektleiar som skal bidra til å effektivisere og tilpasse dagens løysingar i tråd med gjeldande regelverk. Myndigheitene stiller stadig strengare krav til tenestene vi leverer, og målet vårt er å tene innbyggjarar og kundar på ein profesjonell og effektiv måte. Vi har dyktig teknisk personell og deler eit sterkt felles ønskje om å levere tenester av høg kvalitet.

Eining for renovasjon har ansvar for ei renovasjonsteneste i eigen regi med hovudbase på Lindenes i Odda. Vi driv og miljøstasjonar i Odda, Jondal, Utne, Kinsarvik og Røldal. Den kommunale bilverkstaden er og underlagt denne eininga.

Prosjektleiar vil ha kontorplass i vårt nye administrasjonsbygg på Lindenes Miljøstasjon, som ligg plassert ved RV13 mellom Odda og Tyssedal. Du blir del av eit team beståande av verksemdsleiar, avdelingsleiar, kundehandsamar og renovatørar.

Stillinga krev ein stor grad av nøyaktigheit og sjølvstende.

Arbeidsoppgåver :

Gjennomføre tiltak frå kommunen sin handlingsplan for renovasjon for å auke utsortering og gjenvinning

Utarbeide og gjennomføre strategiar for tilpassing av innsamlingssystem for avfall i tråd med nye nasjonale krav

Analysere og planlegge for miljømessig og økonomisk effektivisering av arbeids- og innsamlingsrutiner

HMS-arbeid

Saksbehandling

Utvikling av prosedyrer

Informasjonsarbeid

Andre oppgåver kan bli delegert prosjektleiar etter behov.


Kvalifikasjonar for stillinga:

Bachelor/mastergrad i tekniske eller miljøretta fag. Relevant erfaring kan kompenseres for utdanningskrav.

Erfaring frå gjenvinningsbransjen

God kjenneskap til data- og analyseverktøy som excel eller tilsvarande

Gode lese- og skriveferdigheiter

Gode IKT kunnskaper

Må beherske norsk flytande skriftleg og muntleg

Erfaring frå prosjektleiing er ein fordel

Erfaring med saksbehandling er ønskeleg

Førarkort klasse B


Personlege eigenskapar:

Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og effektivt. Må like å jobbe i team med andre, og ha interesse for fagfeltet

Er positiv ansvarsbevisst og nøyaktig

Gode samarbeidsevner

Ha evne og vilje til fleksibilitet

Du må vera løysingsorientert og ha høg grad av gjennomføringskraft

Sjå mogelegheiter og løysingar, nytenkande og kreativ

Personlege eigenskaper vil bli vektlagt.

Me tilbyr:

Varierte og spanande arbeidsoppgåver

Dyktige kollegaer

Høve til personleg utvikling og kompetanseheving med støtte frå kommunen

Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og stipendordningar

Lønn etter avtale

Ønskjer ikkje kontakt med telefonselgarar.

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/