Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Aurland kommune | Aurland | Fulltid |
Vi har ledig tre faste 100% stillingar som pedagogisk leiar frå 01.08.2023, i Flåm barnehage og Aurland barnehage.
Flåm barnehage ligg fint til, mellom flotte fjell inst i Aurlandsfjorden, på Lunden i Flåm. Her har me gode moglegheiter til å bruke naturen kring oss. Der er to avdelingar med 9 tilsette og 27 barn. Aurland barnehage sto ferdigstilt i mars i fjor, og er ein funksjonell og moderne barnehage. Aurland barnehage ligg fint til i vakre Aurland med nærleik til skule, bibliotek, fleirbrukshall og fine turområde. Der er fire avdelingar med 16 tilsette og 46 barn. Begge barnehagane har nyleg gjennomgått ei medarbeidarundersøking der barnehagane fekk veldig gode resultat. Aurland kommune er i eit heilskapleg omstillingsprosjekt, der organisasjonsutvikling er sentralt.
Pedagogisk leiar er ein del av leiinga i barnehagen og rapporterer til tenesteleiar. I tillegg til;
- å vere nærmaste leiar for dei andre tilsette på avdelinga
- ha ansvar for dagleg drift
- å planlegge aktivitetar på avdelinga i tråd med lover, forskrifter, rammeplan og årsplan.
- medansvar for endrings- og utviklingsarbeid i barnehagen.
- godkjent førskulelærar / barnehagelærarutdanning.
- anna pedagogisk utdanning med småbarnspedagogikk, etter kompetansekrava i barnehageloven, kan vurderast.
Det er ynskjeleg at du;
- kan arbeide sjølvstendig
- er løysingsorientert
- bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- er fleksibel og endringsvillig
- har evne til å rettleie
- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum.
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad.
- gratis inngang til treningsrom og symjebasseng i Aurlandshallen.
- hjelp til å skaffe bustad. Det er per i dag ledige, nye og fine, kommunale bustadar
- hjelp til å skaffe barnehageplass
- hjelp til å skaffe arbeid til partnar ved flytting til Aurland
- høve til fagleg utvikling
Sjå gjerne også informasjonsbrosjyra vår:
Aurland Kommune (visbrosjyre.no)