Årdal kommune Hovedbilde

Ynskjer du å bidra til at barn og unge skal ha ein trygg barndom og gode oppvekstvilkår?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
100% fast stilling som barnevernskonsulent Årdal kommune Årdal, Fulltid
Årdal kommune Logo

Årdal kommune

Statsråd Evensens veg 4, 6885 Årdalstangen, Norge
6885 Årdalstangen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Anne Fretheim Larsen
99080462

Søknadsfrist

16. november 2023 Søk på stillinga her

Som barnevernskonsulent i Årdal kommune vert du ein del av eit team med stoltheit og lidenskap for faget. Me jobbar etter barnevernsloven, og arbeidsoppgåvene er varierande i form av sakshandsaming, møte med familiar, samtalar med barn, tverrfagleg samarbeid, heimebesøk, oppfølging av fosterheimar med meir. Me må vere forberedt på at dagen ikkje alltid vert slik me har planlagt, då det kan skje ting som treng vår umiddelbare reaksjon.

Arbeidsgruppa består av til saman fem tilsette. I arbeidskvardagen samarbeidar me mykje og det skapa eit unikt samspel og samhald ein ikkje finn andre plassar. Til trass for at delar av arbeidskvardagen er prega av alvor, sit latteren laust når me har pausar. Har du eit smil på lur, og ikkje tek deg sjølv så høgtidleg, kan du passe godt inn her.

Me har felles vakttelefon med Aurland og Lærdal kommune. Me rullera mellom alle dei tilsette og har vakt frå måndag til måndag, med god kompensasjon i form av løn, og eventuelt også avspasering/overtid ved utkalling.

For oss er det naudsynt at du har 3 årig helse- og sosialfagleg utdanning som barnevernspedagog eller sosionom. Etter kvart vil det bli større krav til utdanning for tilsette i barnevernstenesta, og me vil difor kunne leggje til rette for vidareutdanning innan fagfeltet. Det kan også vere ein del reiseverksemd i arbeidskvardagen. Det er difor naudsynt at du har førarkort og kan disponere eigen bil. Det er ein felles arbeidsbil, men me ser at det til tider skjer fleire ting på same tid. Det vert lagt særskilt vekt på personlege eigenskapar som me vurdera kan passe godt i vårt team. Det er ynskjeleg at du er trygg på deg sjølv, meistra å stå i krevjande situasjonar, at du er fleksibel og klar for å ta fatt på uforutsette utfordringar.

Du vert løna etter utdanning og praksis jamfør Hovudtariffavtalen. Det er eit krav om godkjent politiattest før du byrja i stillinga. Ved barnevernstenesta er det noko arbeid på ettermiddagstid. Du har høve til å nytte deg av fleksitidsordning og kortare arbeidsdagar i sommarhalvåret. Årdal kommune tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, lån og tilskot til kjøp av bolig og tilgang på eiga bedriftshytte på Skeikampen.

Me håpar me klarte å vekka interessa di, og gler oss til å bli betre kjend med deg.