Dato | Tid | Stad | Pris |
---|---|---|---|
15-05-2024 | 08:00 | SOGNDAL | Fullpris 2 499,- |
Visste du at 80 prosent av alle verdas salgsleads frå sosiale medium kjem frå LinkedIn? Eller at 92 prosent har meir tillit til selskap med aktive leiarar på plattforma? Fredrik Fornes har dei siste åra halde over 300 kurs og føredrag om LinkedIn. 15. mai kjem han til Sogndal for å lære deg alt du treng for å skinne på næringslivets viktigaste plattform.
Det blir også tid til å arbeide med di eiga LinkedIn-profil med hjelp frå ein av Noregs fremste ekspertar på området. Så ta med deg full-lada PC og gjer deg klar for å fjerne LinkedIn-barrierane éin gong for alle.
Fullpris er 2 499,- men er du medlem i Framtidsfylket Vestland, Nordfjordakademiet eller Næringshagen i Sogn/Sogn Næring får du medlemspris 1 899,-. Bruk rabattkode tilsendt på mail.
Varighet: 3 timar
Kvar? Blaoboxen på Sogndal Kulturhus.
Kurset arrangerast i samarbeid med Sogn Næring, Sunnfjord Utvikling og Nordfjordakademiet 💚