Intervjuteknikk Hardanger Bilde

Kurs i rekrutteringsprosessen frå A - Å med intervjuteknikk i fokus

Dato Tid Påmeldingsfrist Stad Pris
05-10-2022 08:00 29-09-2022 ODDA Medlem i Framtidsfylket kr 3000,-/ Ikkje medlem kr 3500,-
Meld deg på

Om kurs

Næringshagen i Ullensvang og Framtidsfylket inviterer til ein dag med gjennomgang av rekrutteringsprosessen frå A til Å, med jobbintervjuet i fokus.

Dagen startar med ein teoretisk gjennomgang av rekrutteringsprossesen. Etter lunsj vil du få praktisk trening i å gjennomføre eit jobbintervju. Kurset passar for både deg som jobbar med tilsetjingar dagleg og deg som rekrutterer av og til.

Kursinnhald

  • Presentasjon av elementa i rekrutteringsprosessen.
  • Kort om jobbanalyse, som er avgjerande for vellukka rekruttering

Førstegangsintervjuet:

  • Den gode samtalen
  • Førebuing
  • Fallgruver
  • Etisk kommunikasjon
  • Kroppsspråk
  • Evaluering m.m.

Andregangsintervjuet:

  • Strukturert eller delvis strukturert intervjuteknikk
  • Korleis komme meir i djupna på kandidaten sin personligheit
  • Kva har vi ikkje lov til å spørre om i intervjuet?
  • Bruk av testar i forkant av intervjuet
  • På kva måte følge opp kandidatar som ikkje går vidare
  • Referanseintervjuet og bakgrunnssjekk
  • Sist men ikkje minst: Gode måtar å ta i mot nye tilsette.

Praktisk trening i intervjuteknikk

Vil du bli betre på å gjennomføre intervju? Kurset gir deg praktisk trening og tilbakemelding frå fagpersonar. Gjennomgang i plenum av gjennomføringa av intervjuet.

Vi deler i grupper på 3 – 4 personar med éin intervjuar, eitt intervjuobjekt og ein til to observatørar som evaluerer intervjuaren ut frå valde kriterium.

Oppsummering i plenum

Kurshaldar Elin Hagene har lang fartstid innan rekrutteringsfaget. Dei siste 15 åra har ho arbeidd med rekruttering og tilsettingar mellom anna som fagsjef for rekruttering i Norges tredje største bemanningsbyrå.

Ho underviser i rekrutteringsprosessen, bruk av testverkty og har spesialisert seg på kurs i strukturert intervjuteknikk. Elin er DNV-sertifisert rekrutterar og har sertifisering for Human Content og Aon sine verktøy. Ho har ogå ein bachelor i internasjonalisering og marknadsføringsleiing frå BI med organisasjonspsykologi som en del av fagkretsen.

Spørsmål kan du stille til Kine Vikse i Framtidsfylket: 909 89 738 eller Christel Kvamme i Næringshagen i Ullensvang: 958 90 237

Meld deg på