UTSETT: Employer branding og LinkedIn som rekrutteringsverktøy Bilde

UTSETT: Employer branding og LinkedIn som rekrutteringsverktøy

Dato Tid Påmeldingsfrist Stad Pris
24-11-2022 08:00 20-11-2022 SOGNDAL Sjå informasjon
Meld deg på

Om kurs

Dette kurset er dessverre utsett. Vi vil kome tilbake med informasjon om ny dato snarleg.

Korleis jobbe strategisk med employer branding for å bli ein attraktiv arbeidsgivar? Og korleis fungerer eigentleg LinkedIn som eit rekrutteringsverktøy?

Hans Petter Stub, Head of employer Branding i Whydentify, og Kathe Arnesen, Rekrutteringsforum Sunnfjord, skal i løpet av dagen gi deg svara på nettopp dette.

Dato: 24. november
Stad: Sogndal
Employer branding kl 9:00 -12:00
Lunsj kl 12:00 - 13:00
LinkedIn som verktøy for rekruttering kl 13:00 - 15:30

Dagen er delt opp i to delar:

I del éin skal Hans Petter ta oss gjennom korleis du kan bruke bedrifta sitt omdømme til din fordel, og korleis employer branding kan styrke rekrutteringsstrategien din.

Alle arbeidsgjevarar har eit employer brand, eller ei merkevare for korleis det er å jobbe hos akkurat deg. Spørsmålet er på kva måte ein brukar det til sin fordel og korleis employer branding kan styrke din rekrutteringsstrategi. Kva er det og korleis påvirkar selskapet sitt omdøme rekruttering av nye tilsette?
Du vil få innsikt i:

  • Korleis du kan bli «den arbeidsgjevaren alle vil arbeide for"?
  • På kva måte EP kan bidra til å redusere kostnaden for tilsettingar?
  • Korleis tiltrekke seg dei største talenta?
  • På kva måte ein kan få tilsette til å bli i bedrifta ved å fokusere på merkevara?

I del to skal Kathe lære deg korleis ein kan bruke LinkedIn som eit rekrutteringsverktøy: Visste du at det er ca. 88 000 personar i Vestland fylke som er på LinkedIn? Det er ein stor kandidatbase å søke i, det! For ikkje å snakke om ein god kanal for employer branding og stillingsannonsar.
I denne delen får du svar på følgende:

  • Korleis du kan bruke LinkedIn når du skal rekruttere
  • Korleis du kan søke etter relevante kandidatar
  • På kva måte du sjølv og dine kollegaer kan bli gode ambassadørar for bedrifta på LinkedIn

Du kan sjølv velje om du vil ha med deg begge delar av kurset eller om du berre vil delta på eitt. Deltar du på begge delane vil du få varm lunsj inkludert i prisen.

Standardprisar:
Del éin og del to: 3500 kr per person
Del éin – employer branding: 2250 kr per person
Del to – LinkedIn: 1750 kr per person

For medlemsbedrifter i Framtidsfylket
:
Del éin og to: 2500 kr per person
Del éin – employer branding: 1750 kr per person
Del to – LinkedIn 1250 kr per person

For medlemer i Rekrutteringsforum Sunnfjord er det gratis for inntil éin deltakar.

Kathe har meir enn 10 års erfaring frå media, marknadsføring og strategisk kommunikasjon. Ho har ei glødande interesse for digitalisering og har leia fleire prosjekt innan digitalisering og innovasjon. Ho er ein erfaren kurs- og foredragshaldar innan tema som framtidas arbeidsliv, rekruttering, LinkedIn, sosiale medium og innhaldsmarknadsføring.

Hans Petter er ein av Norges mest erfarne konsulentar innan employer branding og ofte brukt som foredragshaldar. Han har undervist i employer branding på Universitetet i Sør Øst-Norge, Handelshøyskolen BI og Campus Kristiania. Han held kurs i regi av HR Norge og blei i år den første vinnaren av æresprisen i Magnet Awards – NM i employer branding.

På kundelista hans finn vi m.o.a Statens vegvesen, Equinor, DNB, Bærum kommune og TINE.

Meld deg på