Vil du bidra til innovativ og moderne renovasjon? Bilde

Vil du bidra til innovativ og moderne renovasjon?

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sunnfjord Miljøverk IKS Sunnfjord Fulltid
Sunnfjord Miljøverk IKS Logo

Sunnfjord Miljøverk IKS

Einestølen
6815 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Bodil Øvretveit
909 56 898

Søknadsfrist

30. november 2021 Søk på stillinga her

Om stillinga

Vi er i gang med fleire nyskapande prosjekt og ser etter deg som vil vere Driftsansvarleg for renovasjon.

Kvar dag jobbar vi for å tilby brukarvenlege løysingar for sortering av avfall til innbyggarane i Sunnfjord, Askvoll, Fjaler og Hyllestad kommune, og samtidig sette minst mogleg miljø- og klimafotavtrykk. Hos oss får du bidra til det grøne skiftet gjennom ein variert og givande arbeidskvardag.

I åra som kjem vil det skje store endringar innan renovasjon, og vi søker ein person som vil bidra til utvikling av moderne og innovative løysingar. Du vil blant anna få ansvar for:

  • Renovasjonsordning for hushald og hytter
  • Innføring av matsortering
  • Innføring av tømeregistrering av avfallsdunkar
  • Etablering av nedgravne avfallsløysingar

Arbeidsoppgåver

  • Leie nye renovasjonsprosjekt
  • Følge opp avfallsløysingar i samband med reguleringsplanar og utbygging
  • Følge opp lokale retningslinjer og renovasjonsforskrift
  • Bistå kundesenteret og følge opp kundeavtalar

Kvalifikasjonskrav

Det er ønskeleg at du som søker har erfaring frå liknande arbeid, men det er ikkje eit krav. Vi ser for oss at du er ein trygg, sjølvgåande og løysingsorientert person, som ser kva som må til for å nå våre felles mål.

Du:

  • Har høgare utdanning innan bygg, eigedomsfaget, teknologi eller andre relevante fag
  • Har kjennskap til plan- og bygningsloven og kommunale planprosessar
  • Kommuniserer godt med dei rundt deg

Vi tilbyr

På Einestølen ti kilometer frå Førde sentrum har vi vårt hovudkontor. Her møter du tretten trivelege medarbeidarar som bidrar med råd når du står fast. Vi tilbyr ein fleksibel og variert arbeidsdag som du i stor grad styrer sjølv. Sjølv om vi er små, har vi store og viktige oppgåver, og her kan du vere med på å gjere ein forskjell for både miljøet og innbyggarane.

Som driftsansvarleg for renovasjon vekslar du mellom kontorarbeid og feltarbeid, og du vil oppleve allsidige dagar i møte med både kollegaer, kundar og samarbeidspartnarar.

Vi er opptatt av eit inkluderande og godt arbeidsmiljø, og i løpet av året arrangerer vi gjerne sosiale samlingar. Vi kan tilby gode ordningar innan løn, pensjon, arbeidstid og ferie, samt fleksibilitet i arbeidsdagen.

Send oss ein søknad og fortel om deg sjølv og kva du kan bidra med. Vi ser fram til å høyre i frå deg.

Sunnfjord Miljøverk IKS Kulturbilde