Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Hovedbilde

Økonomikonsulent

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vil du arbeide med økonomi frå ein eller annan stad i Sogn og Fjordane? Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Gloppen Fulltid
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Logo

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Gota 16
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Janne Gimmestad
419 15 170

Søknadsfrist

30. januar 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Musea i Sogn og Fjordane søker sin nye nøkkelressurs innan økonomi- og rekneskap. Dette er ei viktig stilling hjå oss som vil gje spanande moglegheiter for utvikling for rette person.

Stillinga er variert med fleire spanande ansvarsområder og oppgåver innanfor økonomifaget.

Økonomikonsulenten vil ha både ei operativ og rådgjevande rolle og vere ein viktig veiledar for tilsette og leiing i spørsmål knytta til økonomi, rekneskap og budsjett. Vår økonomikonsulent skal bidra til at vi oppfyller krav på området ihht. lovgjevnad og offentleg rapportering. Ansvaret for strategisk innkjøp i stiftinga vil ligge til stillinga. I tillegg vil økonomikonsulent ha eit særskild ansvar for oppfølging av prosjektøkonomi, blant anna for dei to prosjekta Fellesmagasin i Angedalen og verne- og formidlingsbygg for Holvikejekta på Sandane.

Administrasjonen ligg på Sandane i Gloppen kommune. Ettersom vi er ein organisasjon med større geografisk spreiing på våre lokasjonar, i tillegg til å vere vande med å samarbeide digitalt, vil det vere fleksibilitet med tanke på dagleg arbeidsstad for vår nye økonomikonsulent.

Organisasjonen er i stadig endring, noko som også kan påverke ansvar og oppgåver for denne stillinga på sikt, spesielt då det alltid er potensiale for å automatisere og forbetre prosessar i økonomifunksjonen i tråd med utviklinga på området. Økonomikonsulent er ein viktig del av støttefunksjonen i administrasjonen, og er organisert i avdeling for økonomi, administrasjon og drift, og rapporterer til avdelingsdirektør her. Du vil sørve heile stiftinga, og jobbe tett med leiargruppe, administrerande direktør, stab og drift - samt dei ulike fagmiljøa på kvart enkelt museum.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil blant anna bestå av:

  • Budsjettering, rapportering og økonomistyring
  • Prosjektoppfølging
  • Controlling
  • Rekneskapsavslutningar
  • Avstemming og mva
  • Oppfølging av kasser i butikk og kafe (Pckasse)

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer deg som har:

  • Relevant kompetanse på master-nivå innan økonomiske/administrative fag
  • Praktisk erfaring innan rekneskap og økonomi
  • Gode datakunnskapar
  • Teknisk innsikt i relevante system
    • Vi nyttar i dag Visma Business og OneStopReporting
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne


I stillinga vil vi legge vekt på spanande oppgåver og fagleg utvikling innanfor økonomiområdet.

Om deg

Vi søkjer deg som:

  • er løysingsorientert og sørvisinnstilt
  • ser moglegheiter for forbetring og fornying i arbeidet ditt
  • gjer deg nytte av fagleg ekspertise på ditt fagfelt, og deltek i fagleg utviklingsarbeid
  • handlar på eige initiativ, får ting til å skje og tek ansvar for resultat
  • er omgjengeleg og har gode samarbeidsevner
  • deler av dine kunnskapar og erfaringar for å nå felles mål
  • arbeider metodisk og systematisk

Vi tilbyr

Som tilsett i MiSF vil du vere del av eit dynamisk arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og stort engasjement.

MiSF er ei IA-verksemd, og vi tilbyr god pensjonsordning gjennom KLP.

Stillinga som Økonomikonsulent blir løna etter avtale, og har stillingskode 1363 iflg. Landsoverenskomsten for museum og andre kulturinstitusjonar (Virke).

Søknadsfrist 30.01.2022

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Kulturbilde