Trainee: Forretningsutvikling Bilde

Vil du jobbe i ein scale-up der ingen arbeidsdag er lik?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Forretningsutvikling Tibber - Join the electric revolution Sunnfjord Trainee
Tibber - Join the electric revolution Logo

Tibber - Join the electric revolution

Hafstadvegen 23, 6800 Førde, Norge
6812 FØRDE
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Elisabeth Kjærstad Bøe
91591548

Søknadsfrist

3. april 2022

Du søker traineestilling hos Tibber - Join the electric revolution, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Tibber er verdas første heildigitale straumselskap. Vår teknologi gjer at kunden får ein betre pris og ei betre innsikt i straumforbruket sitt. Til skilnad frå dei tradisjonelle straumselskapa vel vi å ikkje tene pengar på forbruket til kundane våre; vi ønsker heller å hjelpe dei å redusere det. Vi har eit mål om å redusere strømforbruket i heimar i Europa med 20% - og utfordrar dinosaurane i marknaden ved å ta i bruk ny teknologi.

Hundretusentals elbilar, varmepumper og anna smarthusutstyr er allereie kobla til Tibber-appen. Gjennom vår plattform styrer vi kundane sitt forbruk for å redusere kostnader og forbruk. Vi prøver å skape ei heilt ny oppleving av energi og utviklar stadig produkta og tenestene våre. Å utfordre oss sjølve og andre er normalen.

Kven er du?

Er du analytisk og strukturert, samtidig som du har gründerånd og vil vere med å utvikle nye produkt, tenester og løysingar innanfor smart energi? Då er vi på jakt etter deg. Som trainee innan forretningsutvikling vil du jobbe tett med Country Manager i Tibber Norge og resten av teamet som har ansvar for vekst og nye forretningsmulegheiter i den norske marknaden.

Du vil få jobbe med eit bredt spekter av arbeidsoppgåver innan forretningsutvikling, for eksempel utføre marknadsanalyser, analysere data om vekst og utvikling i Tibber, bidra til å vurdere nye forretningsmulegheiter, følge opp sentrale forretningspartnarar og bidra til å ta fram nye produkt, tenester og løysingar.

Du har gjerne utdanning innanfor økonomi, forretningsutvikling eller entreprenørskap. Du er interessert i teknologi og smart energi. Det er også ein stor fordel om du er analytisk og strukturert anlagt og kan uttrykke deg presist skriftleg.

Som trainee i Tibber vil du få ein eigen mentor som blir ansvarlig for den faglige utviklinga di. Men i Tibber har vi ein filosofi om at ansvar og eigarskap gjev best resultat, så du må trivast både med å jobbe sjølvstendig og på lag med andre. Du vil ha kollegaer både i Førde og på dei andre kontora våre i Norden og Europa, så du må vere strukturert og sjølvgåande, og kunne kommunisere godt på engelsk.

Identitet og kultur i Tibber

Sidan vi er ute på eit oppdrag som inneber å snu opp-ned på heile energibransjen, må vi heile tida forvente det uventa. Vi er ei oppstartsbedrift, med alt det medfører av konstant endring og utvikling. Det “umulege” er vår arbeidskvardag, vi prøvar og feilar, men brukarane sine behov er alltid i sentrum for oss.

Vi er no snart 200 tilsette på kontora våre i Førde, Stockholm, Helsinki, Berlin og Amsterdam. Vi rekrutterer frå heile verda, dyrkar mangfoldet, og jobbar like gjerne remote som frå kontoret. Den sterke kulturen og det gode samhaldet får vi mellom anna gjennom vekentlege videomøter og våre årlege pop-up-kontor; der vi møtes for å jobbe, ha det gøy og utforske ein ny by saman.

Vi jobbar systematisk med å redusere miljøpåverknaden frå produkta våre, og vi prøvar å drive selskapet på ein etisk god måte. Tibber skal vere ein positiv bidragsytar i samfunnet, og inspirere våre tilsette, kundar og samarbeidspartnarar til å leve så berekraftig som muleg.

Vi håpar at akkurat du vil bli med i Tibber Tribe!

Spørsmål om stillinga kan rettast til Country Manager Tibber Norge, Elisabet Kjerstad Bøe, elisabet@tibber.com

Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023.

Tibber - Join the electric revolution Kulturbilde