Trainee: Samfunns- og arealplanleggar Bilde

Ullensvang Kommune søker trainee til Noregs friluftshovudstad

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Samfunns- og arealplanleggar Ullensvang kommune Ullensvang Trainee
Ullensvang kommune Logo

Ullensvang kommune

Opheimsgt. 31, 5750 Odda
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Eivind Gregersen, HR-sjef
98488799

Søknadsfrist

3. april 2022

Du søker traineestilling hos Ullensvang kommune, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Ullensvang er Noregs Friluftshovudstad! Her er alt lagt til rette for både det nære og det spektakulære friluftslivet, og vegen til dei minneverdige naturopplevingane er kort. Uansett om du går til dei høgaste toppane eller sit på ein benk ved fjorden, kjem du tett på naturen og opplevingar som blir med deg vidare i livet.

Friluftshovudstaden er i ei spanande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire flinke medarbeidarar i kommunen.

Kommunen har om lag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng fleire med på laget.

Oppdraget vårt er å gje deg ein god start på karrieren, og du kjem til å få spennande prosjekt, og vera ein del av eit kompetansemiljø. Traineestillinga ligg til verksemd for Samfunnsutvikling og plan i Ullensvang kommune. Verksemda har i dag 7 tilsette, og det er kontorfasilitetar i Odda, Jondal og Kinsarvik. Ein vil vere fleksibel i høve til arbeidsstad. Tar du utfordringa som traineekandidat ?

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil vere knytt opp til alle nivå av areal- og samfunnsplanlegging. Hovudmengda av arbeidet er knytt til utarbeiding av kommunale reguleringsplanar og handsaming av private planframlegg. I tillegg vil ein bidra inn i fagmiljøet og i ulike utviklingsprosjekt i kommunen.

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Minimum 3- årig høgare planleggjarutdanning, evt. ingeniør, arkitekt eller landskapsarkitekt med relevante fagkretsar
  • Kjennskap/ erfaring til aktuelt lovverk og erfaring frå fagområda
  • Kjennskap/ erfaring innan GIS og kartsystemet GISLINE som kommunen nyttar
  • Gode evner til skriftleg, munnleg og visuell presentasjon
  • Administrasjonsspråket i Ullensvang kommune er nynorsk
  • Beherske norsk som arbeidsspråk

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Ynskte eigenskapar:

  • Ynskje om å delta aktivt i utviklinga av den nye kommunen
  • Evne til å arbeida systematisk
  • Gode gjennomføringsevner
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibilitet og positiv innstilling
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr:

  • Fagleg bistand og rettleiing.
  • Ullensvang kommune har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA).
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø
  • Konkurransedyktig løn
  • Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår. -Opning for fast jobb etter gjennomført traineeprogram.

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023

Nærare opplysningar ved:

Sigrid Halldorsson, verksemdsleiar for Samfunnsutvikling og plan
tlf: 96229493
sigrid.halldorsson@ullensvang.kommune

Eivind Gregersen, HR-sjef
tlf. 98488799
eivind.gregersen@ullensvang.kommune.no.