Trainee: Økonomi og administrasjon Bilde

Ullensvang Kommune søker trainee til Noregs friluftshovudstad

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Økonomi og administrasjon Ullensvang kommune Ullensvang Trainee
Ullensvang kommune Logo

Ullensvang kommune

Opheimsgt. 31, 5750 Odda
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Eivind Gregersen, HR-sjef
98 48 87 99

Søknadsfrist

3. april 2022

Du søker traineestilling hos Ullensvang kommune, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Ullensvang er Noregs Friluftshovudstad! Her er alt lagt til rette for både det nære og det spektakulære friluftslivet, og vegen til dei minneverdige naturopplevingane er kort. Uansett om du går til dei høgaste toppane eller sitt på ein benk ved fjorden, kjem du tett på naturen og opplevingar som blir med deg vidare i livet.

Friluftshovudstaden er i ei spanande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire flinke medarbeidarar i kommunen.

Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng fleire med på laget.

Oppdraget vårt er å gje deg ein god start på karrieren, og du kjem til å få spennande prosjekt, og vera ein del av eit kompetansemiljø. Traineestillinga ligg til verksemd for Samfunnsutvikling og plan i Ullensvang kommune. Verksemda har i dag 7 tilsette, og det er kontorfasilitetar i Odda, Jondal og Kinsarvik. Ein vil vere fleksibel i høve til arbeidsstad. Tar du utfordringa som traineekandidat ?

Arbeidsoppgåver

Frå 2020 vart Odda, Ullensvang og Jondal til nye Ullensvang kommune. Eit av føremåla med kommunesamanslåinga var å skape sterkare kompetansemiljø innan tenestene.
Moglege arbeidsoppgåver vil vere:

  • Rekneskap
  • Remittering
  • Finans
  • Kraft
  • Skatt
  • Eigedomsskatt
  • Budsjett og prognosearbeid
  • Økonomistyring og kostnadsoptimalisering
  • Rapportering
  • Kostra
  • Analyse og rådgjeving
  • Innkjøp og e- Handel
  • Fakturaarbeid
  • Innfordring og inkasso
  • Innovasjon og utvikling
  • Utvikle økonomifunksjonen
  • Utarbeide beslutningsgrunnlag
  • Utarbeiding av kvartals- og årsregnskap med noter

Kvalifikasjonskrav

Avdelinga søkjer etter personar med relevant bakgrunn og erfaring. Du får høve til å bruke kompetansen din og drive fram endringar. Stillinga gjev stort rom for personleg og fagleg utvikling. Læring og deling står sentralt som verdiar for avdelinga, på linje med kompetanseheving og utvikling.

Det er ynskjeleg med høgare utdanning innan økonomi, finans, rekneskap/revisjon eller juridiske fag.

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Om deg

  • Ønske om å bidra til å utvikle Ullensvang kommune.
  • Proaktiv og effektiv.
  • Analytisk og strukturert.
  • Løysingsorientert og god evne til å bygge relasjoner og tillit.

Vi tilbyr

  • Fagleg bistand og rettleiing.
  • Ullensvang kommune har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA).
  • Interessante arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø.
  • Konkurransedyktig løn.
  • Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023

Nærare opplysningar ved:

Kommunalsjef økonomi Inger Lise Høvik,
tlf. 916 42 872
inger.lise.hovik@ullensvang.kommune.no

HR-sjef Eivind Gregersen,
tlf. 98 48 87 99
eivind.gregersen@ullensvang.kommune.no