Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: Landbruksforvaltning | Statsforvaltaren i Vestland | Sunnfjord | Trainee |
Du søker traineestilling hos Statsforvaltaren i Vestland, men søknaden sender du til Framtidsfylket.
Er du interessert i landbruk, natur, miljø, klima og berekraft i praksis? Og har lyst å leve og bu i Vestland – dette ikoniske fjord- og fjellfylket som folk reiser langt for å få oppleve?
Vi har ledig stilling som trainee ved landbruksavdelinga, med kontorplass i Førde. Arbeidet vil bli variert, særleg sidan dette er ei trainee-stilling, men fellesnemnaren er forvaltning og utvikling innan jord- og skogbruk, oppfølging av ulike digitale tilskotsystem og informasjonsarbeid.
Statsforvaltaren skal gjennomføre den nasjonale landbrukspolitikken ved hjelp av informasjon til kommunane og næringa, tilskots- og regelforvaltning, og kontroll. Vi skal vere eit kompetansesenter for kommunane på desse områda.
Statsforvaltaren har til saman seks fagavdelingar med ei brei oppgåveportefølje. Landbruksavdelinga vert leia frå Førde og har 32 tilsette, hovudsakleg i Førde og Bergen. Dei fleste i avdelinga har naturvitskapleg fagkompetanse og erfaring, men du får også kollegaer med bakgrunn frå historie, samfunnsvitskap og juss.
Stillinga er løna i stillingskode 1434 rådgjevar med løn etter kvalifikasjonar.
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.
Dei første seks månadane er prøvetid. Tenestemålet er nynorsk. Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.
Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.
Nærare opplysningar om stillinga får du hjå:
Landbruksdirektør Christian Rekkedal, tlf 99 69 23 02, eller assisterande landbruksdirektør Bjørn Harald Haugsvær tlf 48 00 73 75
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023.