Trainee: Kunderådgjevar bedrift Bilde

Vil du jobbe med næringslivet i Sogn og Fjordane?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Kunderådgjevar bedrift Sparebanken Sogn og Fjordane Sunnfjord Trainee
Sparebanken Sogn og Fjordane Logo

Sparebanken Sogn og Fjordane

Langebruvegen 12
6800 FØRDE
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Helena Igelkjøn
415 00 933

Søknadsfrist

3. april 2022

Du søker traineestilling hos Sparebanken Sogn og Fjordane, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Vi har fokus på å gi kunden den beste rådgjevinga - i kombinasjon med god lokalkunnskap er dette Sparebanken Sogn og Fjordane sin største styrke. No kan du få vere med på laget!

Vi søkjer deg som tør å tenke stort og som har ei framoverlent haldning. Trivst du med å vere der det skjer, og blir du motivert av ein dynamisk kvardag i samspel med kjekke kollegaer og kundar? Om du får meistringsfølelse og energi i skapinga av gode relasjonar, og i tillegg er offensiv og resultatorientert – då er du den vi er på jakt etter!

Arbeidsoppgåver

Vi ser etter deg som ønskjer å skape gode resultat og lukkast med å gjere kundereisa god. Du er utviklingsorientert, og god på å sjå behov og finne dei riktige løysingane for kundane. Du utfordrar oss med nye idear og nye måtar å løyse kundebehov på. Du trivst med å vere ein lagspelar, men du har også driv og engasjement i sjølvstendig arbeid.

Kvalifikasjonskrav

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Vi tilbyr

Som Framtidsfylket trainee får du mellom anna eit nettverk med andre traineear i Vestland fylke, eit spennande år med fagleg og personleg utvikling, innsyn i eit mangfaldig næringsliv, og fire traineesamlingar og ein utanlandstur.

Som arbeidsgjevar kan vi tilby interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ein innovativ og framtidsretta bank, med eit godt arbeidsmiljø og eit sterkt fagmiljø. Vi tek godt vare på dei tilsette og har fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, bedriftsidrettslag, redusert arbeidstid frå mai til august, konkurransedyktig løn og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.

For meir informasjon om stillinga kontakt Helena Igelkjøn på tlf. 415 00 933 eller e-post helena.igelkjon@ssf.no.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023

Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 270 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.

Sparebanken Sogn og Fjordane Kulturbilde