Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: Jurist | Statsforvaltaren i Vestland | Sogndal | Trainee |
Du søker traineestilling hos Statsforvaltaren i Vestland, men søknaden sender du til Framtidsfylket.
Er du interessert i juridiske problemstillingar og har lyst å kombinere jobb med det ikoniske fjord- og fjellfylket som folk reiser langt for å få oppleve?
Vi har ledig stilling som trainee ved kommunalavdelinga. Hovudoppgåvene vil liggje innafor justis- og byggesak, der rettshjelp, ekteskapslova, kommunelova, offentleglova og plan- og bygningslova er sentrale saksfelt. Vi legg samstundes vekt på at du skal få innblikk i fagområda i dei ulike avdelingane i embetet. Dette vil gi deg ei unik innsikt i og oversikt over samanhengen mellom ulike vesentlege fagfelt som er viktige for innbyggjarar og kommunar.
Statsforvaltaren i Vestland er traineebedrift i det fylkesdekkjande traineeprogrammet Framtidsfylket Trainee. Kandidaten vil ta del i Framtidsfylket Trainee sitt traineeprogram frå august 2022 til august 2023.
Statsforvaltaren har om lag 285 tilsette. Vi har eit stort juridisk fagmiljø. Som jurist hjå oss vil arbeidsoppgåvene dine vere sakshandsaming, rettleiing om regelverk og tilsyn innanfor ulike rettsområde som høyrer under Statsforvaltaren.
Kontorstad for stillinga: Statens hus på Leikanger. Stillinga er løna i stillingskode 1434 rådgjevar med løn etter kvalifikasjonar
Kontaktperson: seksjonsleiar Anne Kristin Eitungjerde, telefon 57 64 31 72, mobil 95281370 e-post fmsfake@statsforvalteren.no
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023.