Trainee: Internasjonal utvikling Bilde

Er du klar for å jobbe med internasjonalt utviklingsarbeid frå Førde?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Internasjonal utvikling Norec Sunnfjord Trainee
Norec  Logo

Norec

Firdavegen 2, 6800 Førde, Norge
6800 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Camilla Valvik
980 17 614

Søknadsfrist

3. april 2022

Du søker traineestilling hos Norec , men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit forvaltningsorgan underlagt Utanriksdepartementet. Vi er ein dynamisk arbeidsplass med engasjerte og kunnskapsrike medarbeidarar. Norec held til i Førde, omgitt av fjell og fjordar på det vakre Vestlandet.

Norec gir tilskot til internasjonale samarbeid som jobbar for å nå berekraftsmåla til FN. Over 220 organisasjonar, institusjonar og bedrifter i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Noreg er ein del av det internasjonale nettverket vårt.

No ønsker vi i programavdelinga ein ny trainee med på laget. Er du klar for å jobbe med internasjonalt utviklingsarbeid frå Førde? Vi søker nysgjerrige og kunnskapslystne nyutdanna som vil vere med å utvikle Norec til eit nasjonalt kompetansesenter for internasjonalt utvekslingssamarbeid.

I Norec vil du få 40 engasjerte kollegaer som har heile verda som arbeidsplass. Hovudoppgåva til programavdelinga er å forvalte tilskot til internasjonale prosjekt der frivillige og tilsette er på utveksling. Vi har også ansvar for å kurse både partnarar og deltakarar før og etter utvekslingsprosjekta.

Arbeidsoppgåver

Som trainee i programavdelinga vil du

  • Delta i programarbeid som støttar partnarskapa til Norec
  • Arbeide med interessentar som har internasjonale prosjekt i samarbeidslanda våre
  • Jobbe med utvikling av digitale læringsressursar retta mot deltakarar og partnarar
  • Jobbe med logistikk for å sikre vellukka fysiske og digitale kurs
  • Samarbeide tett med engasjerte og dedikerte fagfolk som brenn for sine felt
  • Få ei unik forståing av både styring av ei statleg verksemd, og utveksling som eit utviklingspolitisk verktøy på den internasjonale arenaen

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant høgare utdanning
  • Svært gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Gode IT-kunnskapar
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, med god prioriteringsevne

Vi tilbyr

I Norec vil du få dyktige kollegaer som er opptatt av å ha eit godt arbeidsmiljø. Du vil bli utfordra fagleg, for vi veit at nettopp din kompetanse vil utvikle Norec vidare. Vi har gode velferdsordningar, og om du likar å trene, kan du gjere det i arbeidstida. Vi har fleksibel arbeidstid, så du når ein topptur før du stemplar inn om morgonen.

Stillinga er lønna etter stillingskode 1429 Aspirant.

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og einutanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Tilsetting: August 2022 til august 2023.