Trainee: Innovasjonsmedarbeidar  Bilde

Brenn du for innovasjon og utvikling?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Innovasjonsmedarbeidar Helse Førde Sunnfjord Trainee
Helse Førde Logo

Helse Førde

Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Guro Mjanger
99258047

Søknadsfrist

3. april 2022

Du søker traineestilling hos Helse Førde, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Vi treng deg på laget for å bygge innovasjonskultur og bidra til utvikling av framtidas helsetenester.

Vi tilbyr trainee-stilling som innovasjonsmedarbeider. Stillinga er del av Framtidsfylket sitt traineeprogram i 2022/23. Kontorstad er Førde.

Som innovasjonsmedarbeidar hjå oss vil du få ei allsidig rolle med gode utviklingsmoglegheiter, og i stor grad kunne påverke eigen arbeidsdag. Vi ønskjer ein trainee som kan vere med å tenke nytt, bidra til å skape innovasjonskultur, og som har interesse for både helsefeltet og nyskaping.

Arbeidsoppgåvene er allsidige med hovudvekt på å:

  • Delta i utviklingsprosjekt
  • Arrangere tverrfaglege møteplassar
  • Bidra i kommunikasjonsarbeid
  • Initiere nye utviklings- og samarbeidsprosjekt 
  • Hjelpe tilsette med søknadsskriving og vidareutvikling av idear

Kven er du:

Du er ein lagspelar med kjennskap til og erfaring frå innovasjonsmetodikk og -prosessar. Du likar å lære nye ting, og evnar å tenke heilskapleg, og har stå-på humør og ei nysgjerrig tilnærming til nye oppgåver. I tillegg er du god på kommunikasjon både visuelt og skriftleg. Gjerne med erfaring frå enkel grafisk design.

Ønska kvalifikasjonar er relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Gjerne utdanning innan innovasjon, tenestedesign, kommunikasjon, teknologi eller helse.

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Kven er vi:

Helse Førde er eit framoverlent helseføretak i Helse Vest. Vi er den største arbeidsplassen i vår region, og er no i gang med ei milliardutbygging av Førde sentralsjukehus. Vi tilbyr ein spennande arbeidsplass i eit miljø som jobbar tett saman med Høgskulen på Vestlandet gjennom det felles Helseforsking Sogn og Fjordane.

Stillinga er lagt til Fag og utviklingsavdelinga, seksjon for forsking og innovasjon. Seksjonen si hovudoppgåve er å støtte opp om forsking og innovasjon i føretaket.