Trainee innan ulike fagfelt Bilde

INC søker trainee innan ulike fagfelt

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee innan ulike fagfelt Fjord Base Gruppen Kinn Trainee
Fjord Base Gruppen Logo

Fjord Base Gruppen

Fjord Base, Botnaneset
6900 Florø
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Marthe Opheim
466 50 701

Søknadsfrist

15. mars 2021 Søk på stillinga her

Du søker direkte til Fjord Base Gruppen på denne traineestillinga.

Søk traineestilling

Om stillinga

INC Gruppen er opptatt av å skape aktivitet i lokalsamfunnet. Selskapa våre har utvikla seg til ei stor gruppe og er ein viktig del av næringslivet i Florø og Kinn kommune. INC Gruppen har aktivitetar innan olje og gass, tekniske tenester, eigendomsutvikling, akvakultur, subsea og industrielt vedlikehald.

Vi utviklar oss stadig, og er opptatt av å bli grønare og meir effektive. Det gjer vi blant anna ved å utvikle innovative digitale løysingar for korleis vi kan jobbe endå betre og smartare enn kva vi gjer i dag.

Les meir her for å bli kjent med INC-gruppen: https://www.incgruppen.no/

No ser vi etter ein trainee til Saga Fjordbase, og går breitt ut for å finne den rette.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil avhenge av kva fagfelt du har bakgrunn og utdanning i. Vi er opptatt av at du skal få eit innblikk i dei ulike avdelingane, og lære korleis dei operasjonelle aktivitetane fungerer. Du vil vere innom både økonomi, prosjektleiing, logistikkflyt, digitalisering, bærekraft og innovasjon.

Kvalifikasjonskrav

Vi ser for oss at du har utdanning innan eitt eller fleire av desse fagfelta

  • Administrasjon og leiing
  • Logistikk
  • Fornybar energi
  • Innovasjon

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Om deg

Vi ønsker at du er nysgjerrig, engasjert og likar eit høgt tempo i arbeidskvardagen.

Vi tilbyr

Hos oss vil du få bruke utdanninga di i praksis, men også vere innom andre fagfelt og avdelingar for å få eit godt innblikk i bedrifta. Vi kan love eit sosialt år med trivelege kollegaer, og tilbod om å delta på felles aktivitetar på fritida.

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2021 til august 2022.

Fjord Base Gruppen Kulturbilde