Trainee: Jus, finans, forretningsutvikling, økonomi eller business controlling Bilde

Vi ser etter deg som torer å satse på morgondagens løysningar!

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Jus, finans, forretningsutvikling, økonomi eller business controlling Convene Trainee
Convene Logo

Convene

Grandavegen 26
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Marianne Holstad
94 35 97 70

Søknadsfrist

3. april 2022

Du søker traineestilling hos Convene, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Har du relevant utdanning eller erfaring innan finans, rekneskap, business controlling, forretningsutvikling eller jus, kan du vere den vi er på utkikk etter. 
 

Vi i Convene ser etter menneske som torer å satse på morgondagens løysningar. Vår fremste oppgåve er å løyse tidsklemma til våre kundar, slik at dei kan fokusere på det dei kan best. Vi tilbyr løysingar innan betaling, finansiering, fakturering, inkasso og administrasjon til helse- og treningsbransjen. 
 
Visjonen vår er «A simpler life for everyone». Det betyr at vi skal gjere kvardagen enklare, både for våre kundar og deira kundar – og for våre tilsette. I Convene Group er vi opptatt av å ivareta våre grunnleggande konsernverdiar. Som ein framtidig ambassadør for vårt selskap er det viktig for oss at du kan stå inne for å vere: 

Loyal – Innovative – Friendly – Engaged

Som trainee i Convene Group og Framtidsfylket tilbyr vi deg: 

  • Ein unik start på yrkeslivet 
  • Nettverk med andre traineear 
  • Fagleg og personleg utvikling 
  • Ein spennande kvardag i eit selskap som satsar på morgondagens løysingar 
  • Godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer 
  • Eit unikt innsyn i eit mangfaldig næringsliv 

Kven er du? 

  • Du er nyutdanna eller har vore eit par år i arbeidslivet 
  • Du er stolt av fagkompetansen din og er fagleg sterk 
  • Du er kvalitetsbevisst og ambisiøs 
  • Du tek initiativ og har sterk gjennomføringsevne 
  • Arbeidar godt i både team og sjølvstendig 

Har du i tillegg eit smil på lur og eit engasjement som smittar? Då vil vi gjerne høyre frå deg! 

Kva skal du jobbe med? 

Vi er eit selskap i vekst og ser etter ein person som har kunnskap og er motivert til innsats innan områder som: 

  • Jus 
  • Regnskap
  • Business Controlling
  • Finans 
  • Utvikling
  • Forretningsutvikling 

Kvar skal du jobbe? 

Hovudarbeidsstaden er Sandane og Førde - men vi har eit stort kontor i Oslo og trur at du er tent med å reise litt slik at du vert kjent med vår bedrift på best mogleg måte. 

Generelle krav til Framtidsfylket Trainee: 

  • Utdanning på bachelor- eller masternivå 
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter avslutta studier 
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Har du høge ambisjonar og evne til å tenke utanfor boksen? Trivst du med å jobbe målretta og strukturert, både åleine og saman med andre? Då vil vi høyre i frå deg.

Tilsetjing: Frå august 2022. Lønn etter avtale. 

Søknaden sendast via Framtidsfylket sitt digitale søknadsskjema innan 01.04.2022. 

Ta kontakt med Marianne Holstad for ytterlegare informasjon. 
 
E-post: marianne.holstad@convenegroup.com 
Telefon: 94 35 97 70 

OM OSS 

Convene er ein ledande partner innan betalings- og administrasjonsløysningar i Skandinavia. I meir enn 10 år har vi stått i spissen for digital innovasjon innan helse og trening. No er vi med på å definere morgondagens teknologi for betaling og sjølvbetjening innan ein rekke forskjellige bransjar i 14 land verden over. 
 
Ved hjelp av sjølvbetjening og automatisering frigjer løysningane våre manuelle ressursar frå tyngande papirarbeid og forenklar arbeidskvardagen til både kundar og partnarar. Gjennom heilautomatiserte løysningar, sikrar vi at våre kundar får betalt for sine tenester. Dersom ein faktura ikkje blir betalt, er det vi i Convene som følger den opp. Vi er det ledande inkassoselskapet i den nordiske helsesektoren, og vi sikrar gode etiske rutinar i ein strengt regulert bransje. 

Som ein del av Convene vil du få bli med i eit engasjert team av medarbeidarar som brenn for å gjere ein forskjell. Totalt er vi i underkant av 200 tilsette fordelt på fire dotterselskap med kontor i Norge, Sverige og Danmark. 

Convene Kulturbilde