Trainee: Campusutvikling Bilde

Er du glad i å sjå etter nye løysingar, og utvikle desse saman med andre?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Campusutvikling Høgskulen på Vestlandet Sogndal Trainee
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Iris Wehn
 57 67 62 32

Søknadsfrist

3. april 2022

Du søker traineestilling hos Høgskulen på Vestlandet, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 17 000 studentar og 2 000 tilsette fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

HVL jobbar aktivt med å styrke og vidareutvikle den regionale rolla rundt kvar campus og langs heile Vestlandet. Arbeidet skjer i heile høgskulen, både i fakultet og i fellestenester. Ei pådrivarrolle for dette viktige arbeidet ligg i stor grad til prorektor for regional utvikling og den nye avdelinga «Samfunnskontakt, arbeidsliv og livslang læring». Vi har eit behov for å styrke arbeidet framover og auke kapasiteten på området, og då særleg rundt campus Sogndal kor ein over tid har hatt noko mindre ressursar samanlikna med dei andre campusane i dette arbeidet.

Arbeidsoppgåver

Hausten 2021 vart det sett i gang eit eige campusutviklingsprosjekt knytt til campus Sogndal med mange spennande oppfølgingspunkt der traineen vil bidra. Sentralt i HVL er no å styrke samarbeidet mellom eininga til prorektor for regional utvikling og fakulteta. Vi byggjer difor gode strukturar og samarbeidsflater mellom fakultet, ulike administrative fageiningar og samarbeidspartnarar ut forbi HVL. Her ligg óg koplingspunkt mot kommunikasjonsarbeid, alumniaktivitet, studentrekruttering med meir.

Vi søkjer etter ein trainee som vil bidra med gode og nye perspektiv og auka kraft, og ønskjer å bli involvert i fleire delar av HVL-organisasjonen og få spennande og utfordrande arbeidsoppgåver på tvers. Døme på tema som traineen vil arbeide med er HVL skape, campusutvikling, mynde- og politisk arbeid, livslang læring, språkpolitikk og alumni.

Traineen vil bli knytt mot campus Sogndal og arbeide tett opp mot prorektor for regional utvikling.

Kvalifikasjonskrav

Master- eller bachelorgrad som er relevant i forhold til regional utvikling.

Felles krav for alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor- eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studium
  • Norsk som arbeidsspråk – munnleg og skriftleg

Om deg

Du:

  • er interessert i å arbeide tverrfagleg
  • kan arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre
  • er glad i å sjå etter nye løysingar, og utvikle desse saman med andre
  • likar å formidle den faglege interessa di til andre
  • har lyst til å vere med å utforme arbeidsoppgåvene i stillinga
  • vil identifisere og løfte fram nye problemstillingar og prosjekt
  • kan arbeide systematisk og strukturert mot fristar
  • vil arbeide i eit fagmiljø som legg vekt på at alt er mogleg, og som er veldig spent på kva akkurat du og dine interesser kan bidra med

Vi tilbyr

HVL er ein inkluderande arbeidsplass med kjekke kollegaer i eit utviklande miljø der du får vere med å bidra.

  • Tilsetting i eitt år i 100 % stilling som trainee med oppstart august 2022
  • Eit spennande og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
  • Løn etter avtale

Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utlandstur

Du vil jobbe hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023.

Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde