Trainee: Business Analyst Bilde

Vil du jobbe i ein scale-up der ingen arbeidsdag er lik?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Business Analyst Tibber - Join the electric revolution Sunnfjord Trainee
Tibber - Join the electric revolution Logo

Tibber - Join the electric revolution

Hafstadvegen 23, 6800 Førde, Norge
6812 FØRDE
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Børge Dvergsdal

Søknadsfrist

3. april 2022

Du søker traineestilling hos Tibber - Join the electric revolution, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Trainene: Business analyst smart charging & mobility

Tibber er verdas første heildigitale straumselskap. Vår teknologi gjer at kunden får betre innsikt i straumforbruket sitt. Til skilnad frå dei tradisjonelle straumselskapa vel vi å ikkje tene pengar på forbruket til kundane våre; vi ønsker heller å hjelpe dei å redusere forbruk og kostnadar. Vi har eit mål om å redusere strømforbruket i heimar i Europa med 20% - og utfordrar dinosaurane i marknaden ved å ta i bruk ny teknologi.

Hundretusentals elbilar, varmepumper og anna smarthusutstyr er allereie kobla til Tibber-appen. Gjennom vår plattform styrer vi kundane sitt forbruk, slik at dei kan redusere kostnader og forbruk. Vi prøver å skape ei heilt ny oppleving av energi, og utviklar stadig våre produkt og tenester. Å utfordre oss sjølve og andre er normalen.

Kven er du?

Du har bakgrunn fra, økonomifag, entreprenørskap og/eller forretningsutvikling, og har teknisk innsikt og engasjement i alt som har med smart energi og mobilitet å gjere. Det er en fordel at du har interesse for elbiler, mobilitet og smart home. Trainee-stillinga vil ligge til vår Smart Charging-avdeling, der du vil få i oppgave å:

  • Følge med på marknadsutviklinga, analysere forretningsmulegheiter og utvikle forretningskonsept for Tibber innanfor elbil og lading.
  • Bidra til å vidareutvikle vår marknadsleiande løysing for smart elbillading saman med dei ulike produkt-avdelingane i Tibber.
  • Støtte leiinga innanfor Smart Charging og Partnerships med nødvendig research, analyser og prosjektleiing.
  • Delta i prosesser med partnere innen bilbransjen gjennom hele verdikjeden.
  • Støtte og samarbeide med andre produkt team på nødvendig research, analyser og prosjektleiing.
  • Vere fleksibel og løyse uventa utfordringar.

Som trainee i Tibber vil du få ein eigen mentor som blir ansvarlig for den faglige utviklinga di. Men i Tibber har vi ein filosofi om at ansvar og eigarskap gjev best resultat, så du må vere sjølvgåande, ambisiøs og trivast både med å jobbe sjølvstendig og på lag med andre. Du vil ha kollegaer både i Førde og på dei andre kontora våre i Norden og Europa, så du må vere strukturert og kunne kommunisere godt på engelsk.

Identitet og kultur i Tibber

Sidan vi er ute på eit oppdrag som inneber å snu opp-ned på heile energibransjen, må vi heile tida forvente det uventa. Vi er ei oppstartsbedrift, med alt det medfører av konstant endring og utvikling. Det “umulege” er vår arbeidskvardag, vi prøvar og feilar, men brukarane sine behov er alltid i sentrum for oss.

Vi er no snart 200 tilsette på kontora våre i Førde, Stockholm, Helsinki, Berlin og Amsterdam. Vi rekrutterer frå heile verda, dyrkar mangfoldet, og jobbar like gjerne remote som frå kontoret. Den sterke kulturen og det gode samhaldet får vi mellom anna gjennom vekentlege videomøter og våre årlege pop-up-kontor; der vi møtes for å jobbe, ha det gøy og utforske ein ny by saman.

Vi jobbar systematisk med å redusere miljøpåverknaden frå produkta våre, og vi prøvar å drive selskapet på ein etisk god måte. Tibber skal vere ein positiv bidragsytar i samfunnet, og inspirere våre tilsette, kundar og samarbeidspartnarar til å leve så berekraftig som muleg.

Vi håpar at akkurat du vil bli med i Tibber Tribe!

Spørsmål om stillinga kan rettast til Head of Partnerships, Børge Dvergsdal, på borge@tibber.com

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023.

Tibber - Join the electric revolution Kulturbilde