Tibber - Join the electric revolution Hovedbilde

Support Hero - Kundekonsulent

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Tibber søker support hero som er lidenskapelig opptatt av god kundeopplevelse Tibber - Join the electric revolution Sunnfjord Fulltid
Tibber - Join the electric revolution Logo

Tibber - Join the electric revolution

Hafstadvegen 23, 6800 Førde, Norge
6812 FØRDE
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Henrik Holmelid
+47 90263312

Søknadsfrist

24. juni 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Tibber er verdas første heildigitale straumselskap. Vår teknologi gjer at kunden får betre innsikt i straumforbruket sitt. Til skilnad frå dei tradisjonelle straumselskapa vel vi å ikkje tene pengar på forbruket til kundane våre; vi ønsker heller å hjelpe dei å redusere forbruk og kostnadar.

Hundretusentals elbilar, varmepumper og anna smarthusutstyr er allereie kobla til Tibber-appen. Gjennom vår plattform styrer vi kundane sitt forbruk, slik at dei kan redusere kostnader og forbruk. Vi prøver å skape ei heilt ny oppleving av energi, og utviklar stadig våre produkt og tenester. Det gjør vi ved å sette kunden i sentrum. Vårt oppdrag er å hjelpe kundene våre til å ta styringen over strømforbuket sitt. Å utfordre oss sjølve og andre er normalen i Tibber. Vi har fått førsteprisen i Norsk Kundebarometer for mest fornøgde kunder, men vi gir oss ikkje der.

Arbeidsoppgåver

Som Support Hero bidrar du med å rådgi og hjelpe våre kunder i bruken av våre tenester og produkter. Vår viktigaste kommunikasjonskanal er chatten som er tilgjengelig i Tibber-appen og på websidene våre. Du vil jobbe spesifikt med det norske markedet, men også samarbeide tett med vårt globale team.

Problemstillingane omhandler alt fra abonnementet hjå Tibber til feilsøking og innanfor eit bredt spekter av produkter og integrasjoner. Vi gir deg god opplæring, slik at du blir ein god og trygg rådgiver for kundane våre.

I tillegg til å hjelpe kundane våre vil du også bli utfordra på korleis vi kan forbedre Tibber, våre prosesser og rutiner. Vi er ei bedrift i stadig utvikling og jobber kvar dag ved å gjere den heilhetlige opplevelsen for våre kundar betre.



Kvalifikasjonskrav

Det aller viktigaste er kven du er, foran kva du har gjort tidlegare, men du som resten av teamet vårt er lidenskapelig opptatt av å gi ei eineståande kundeopplevelse.

Om deg

  • Å yte god service ligger naturleg for deg.
  • Du er presis i kommunikasjonen og har ein evne til å formidle problemstillinger på ein god måte til kundane våre.
  • Du er nyskjerrig og elsker å lære nye ting.
  • Du har pågangsmot og ser løsninger fremfor utfordringer.
  • Du er ambisiøs, målretta og sulten på utvikling.
  • Du kan sjå overordna på problemstillinger, samtidig som du kan grave deg ned i detaljer.
  • Du er ein positiv bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

  • Moglegheit for å bygge karriere i ein internasjonal scale up.
  • Ein moglegheit for å sette dine kunnskaper og ferdigheter i arbeid med ulike oppgaver.
  • Lære mykje og skyve barrierer for kva du trur er mogleg.
  • Ein stad å arbeide der latter kvar dag er ein garanti.
  • Eit sett med kollegaer som er ekstremt lidenskapelige for sitt handverk.
  • Fast lønn.
Tibber - Join the electric revolution Kulturbilde