Høgskulen på Vestlandet Hovedbilde

Stipendiat i bevegelse, leik og utforsking i barnehagen

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høgskulen på Vestlandet Bergen Fulltid
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Eivind Aadland
57 67 60 86

Søknadsfrist

31. mai 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI), campus Sogndal eller Bergen, er det ledig ei 4-årig åremålsstilling som stipendiat i bevegelse, leik og utforsking i barnehagen.
Stipendiatstillinga er knytt til forskingsprosjektet Move-play-explore in early childhood education (MoveEarly). MoveEarly er eit stort forskings- og utviklingsprosjekt knytt til kompetanseutvikling for å fremme bevegelse, leik og utforsking i barnehagen. Målet er å utvikle ein pedagogisk praksis som sikrar eit rikt miljø for bevegelse, leik og utforsking i barnehagen, utvikle gode løysingar for kompetanseutvikling for tilsette og undersøke effekten av denne pedagogiske tilnærminga på barns fysiske aktivitet, utvikling, læring og trivsel. Prosjektet er leia av professor Eivind Aadland ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Sogndal. Prosjektet gjennomførast i samarbeid mellom forskargruppa Fysisk aktivitet og folkehelse og BARNkunne - Senter for barnehageforsking. Stipendiaten vil ha sin arbeidsstad/tilknyting i Sogndal eller Bergen.
Den utlyste stillinga er knytt til pedagogisk grunnlagstenking rundt bevegelse, leik og utforsking i barnehagen, korleis barn si utvikling som eit resultat av ei slik pedagogisk tilnærminga kan målast og utvikling av nye målemetodar for å undersøke barn sin bevegelseskompetanse og heilskaplege utvikling. Arbeidet vil primært ha ei kvantitativ tilnærming knytt til undersøking av måleeigenskapar for måleinstrument.
Stillinga lysast ut over 4 år med 25% undervisningsplikt. Stipendiaten vil vere ein del av HVL sitt fagmiljø innafor forskargruppa Fysisk aktivitet og folkehelse, BARNkunne - Senter for barnehageforsking, idrettsutdanninga og barnehagelærarutdanninga, det strategiske forskingsprogrammet Idrett, fysisk aktivitet og kosthald, og FLKI sitt Ph.d.-program "Studier av danning og didaktiske praksisar".
Stipendiatprosjektet må vere tematisk relevant for fakultetet si forskningsverksemd og for ph.d.-programmet "Danning og didaktiske praksisar".
Fakultetet si forsking er organisert i tre forskingssenter, fem strategiske forskingsprogram og 50 operative forskargrupper. Ei oversikt over forskingsorganiseringa ved fakultetet finn du her:https://www.hvl.no/forsking/forskarutdanning/studier-av-danning-og-didaktiske-praksisar/
Ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" omfattar om lag 60 stipendiatar som alle er i gang med sitt ph.d.-prosjekt. Sjå omtale, studieplan og opptaktskrav for programmet her:https://www.hvl.no/forsking/forskarutdanning/studier-av-danning-og-didaktiske-praksisar/

Stipendiatstillingar er rekrutteringsstillingar som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL.
Det er ønskeleg med tiltreding så snart som mogeleg og seinast 01.01.2023.

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre litteratursøk og setje seg inn i eige fagområde

Planlegge, koordinere og gjennomføre datainnsamlingGjere kvalitetsvurdering og analysar av dataPresentere eiga forsking skriftleg og munnleg i ulike fora, inkludert vitskaplege konferansar og tidsskriftBidra kontstruktivt i forskarkruppa Fysisk aktivitet og folkehelse og BARNkunne - Senter for barnehageforskingUndervising og rettleiing av studentar

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha mastergrad/hovudfag med karakteren B eller betre innan idrettsvitskap, barnehagekunnskap, folkehelse eller tilsvarande masterutdanning med høg relevans for dei forholda som er skildra ovanfor. Søkjarar med mastergrad frå andre fag som kan dokumentere god kjennskap til tematikken i utlysinga, t.d. gjennom fagleg vinkling på masteroppgåva, kan óg vurderast som kvalifiserte. Mastergrad må vere oppnådd ved søknadsfristen. Søkjar må ha god kjennskap til kvantitativ metodikk og kunne kommunisere særs godt på norsk og godt på engelsk.
Søkjarar må leggje ved ei mellombels prosjektskisse på 5 sider som presenterer og grunngjev tema med forankring i forskingslitteraturen på feltet, problemstilling og val av teori og metodisk tilnærming for eit potensielt prosjekt. Denne vert brukt i vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskissa.
Den endelege prosjektskissa vil bli utarbeida i samarbeid med tildelt rettleiar når ein søkjer opptak til doktorgradsprogrammet. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ein eventuell tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teke opp på ph.d.-prgrammet "Studier og danning av didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett.
Det er ein føresetnad at stipendiaten oppfyller krava for opptak til Ph.d.-studiet (https://www.hvl.no/globalassets/hvl-internett/dokument/p.hd/opptakskrav-danning-phd.pdf):
Søkjer må ha fullført mastergrad, hovudfag eller tilsvarande og kunne dokumentere gode studieresultat. Normalt vil det vere ein føresetnad at søkjar har følgjende karakter:

  • Masteroppgåve eller tilsvarande: Karakter normalt B eller betre
  • Masterstudie; gjennomsnitt for studiedelen: Karakter normalt B eller betre


Søkjarar med mastergrad utan pedagogisk eller didaktisk komponent må dokumentere minimum 5 st.p. pedagogisk utdanning eller 1 års heiltidspraksis frå pedagogisk/didaktisk arbeid.
Ønska kvalifikasjonar:

  • Har god kunnskap om barn si utvikling knytt til bevegelseskompetanse/motorikk
  • Har god kunnskap om barnehagepedagogikk, leik og utforsking
  • Har god kunnskap om fysisk aktivitet og folkehelse
  • Har erfaring med testing og datainnsamling knytt til barn si utvikling, spesielt innan bevegelseskompetanse/motorikk
  • Har erfaring med gjennomføring av større forskingsprosjekt
  • Har erfaring frå arbeid i barnehage
  • Har tidlegare publikasjonar med relevans for utlysinga

Om deg

Personlege eigenskapar:

  • God evne til munnleg og skriftleg kommunikasjon
  • God evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
  • God samarbeidsevne
  • Evne til å ta initiativ og ansvar
  • Kommuniserer godt med barn og vaksne

Høg etisk medvet i forskingsarbeidet er påkravd.

Vi tilbyr

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida
  • Stillinga som stipendiat vert lønna i stillingskode 1017 - Stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.


Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stilling.
For mer informasjon om stillinga - se her:https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/221951/stipendiat-i-bevegelse-leik-og-utforsking-i-barnehagen

Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde