Spanande stilling som rekneskapsansvarleg/controller

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Spanande stilling som rekneskapsansvarleg/controller Lerum AS Sogndal Fulltid
Lerum AS Logo

Lerum AS

Postboks 159
6851 SOGNDAL
Sjå bedriftsprofil

Kontakt

Trude Ramstad
95220028

Søknadsfrist

30. april 2021 Søk på stillinga her

Om stillinga

Vi treng ny rekneskapsansvarleg/controller

Vi søkjer no ein fagleg sterk rekneskapsansvarleg/ controller med driv og godt humør. Vi leitar etter deg som har heilheitleg forståing for rekneskap og skatt, som kan løfte blikket og prioritere godt. Vi ønskjer oss ein positiv og løysingsorientert ny kollega, som kommuniserer godt på tvers av organisasjonen. Du jobbar sjølvstendig, men trivast også godt med teamarbeid og kompetansedeling. I tillegg har du god arbeidskapasitet og stor eigeninteresse for å holde deg fagleg oppdatert.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging og overvaking av det grunnleggande rekneskapsarbeidet
  • Utarbeiding av rekneskap for selskapa i konsernet
  • Månadsavslutning og årsoppgjer
  • Budsjettering og prognosar
  • Rapportering til offentlege myndigheiter
  • MVA, skatt og avstemmingar
  • Rekneskapsoppfølging mot budsjett
  • Controlleroppgåver, økonomiske analysar, rapportar etc.
  • Bidra til vidareutvikling og forbetring av rekneskapsprosessane

Kvalifikasjonskrav

  • Høgre utdanning innan rekneskap og revisjon
  • Autorisert rekneskapsførar eller revisor
  • Fagleg trygg med minimum 3-5 års relevant arbeidserfaring
  • God systemforståing og IT-kunnskapar
  • Erfaring frå rekneskapssystem – gjerne også erfaring frå ERP-system

Om deg

  • Strukturert, nøyaktig og analytisk
  • Proaktiv og engasjert
  • Gode og tydlege kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Pådrivar med glimt i auga
  • Er glad i saft og syltetøy

Vi tilbyr

Lerum sine verdiar er ekte, stolt, ærleg og engasjert, dette er verdiar vi også ser etter når vi rekrutterar. Det er korte beslutningsvegar på tvers i organisasjonen, og som tilsett hjå oss får du ta del i utviklinga av saft- og syltetøyeventyret.

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø i nye og moderne kontorlokale på Kaupanger. Det er høgt tempo der trivelege kollegaer i administrasjon og produksjon jobbar saman for å stadig oppnå nye og saftige mål.