Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Prosjektstilling: Sogndal Fotball, HVL og NFF Sogn og Fjordane | Høgskulen på Vestlandet | Sogndal | Fulltid |
Det er ledig ei prosjektstilling knytt til fotballsamarbeidet mellom Sogndal Fotball, HVL v/Institutt for idrett, kosthald og naturfag og NFF Sogn og Fjordane.
Den som vert tilsett vil samarbeide tett med alle tre partar, men vil ha sitt tilsettingsforhold knytt til Sogndal Fotball.
Sogndal Fotball, HVL og NFF Sogn og Fjordane har mange års erfaring kring utdanning, forsking og trenarutvikling. I samband med oppretting av ei ny bachelorutdanning innan idrett og trenarrolla og ønskje om utvikling av kompetansemiljøet på fotball i regionen, inngår vi no eit tettare samarbeid og lyser ut ei prosjektstilling knytt til dette fotballsamarbeidet i tida 01.01.2022-31.12.2023. Arbeidsstaden er campus Sogndal.
Den som vert tilsett må ha/vere:
Arbeidsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk, munnleg og skriftleg.
Idretten krev framvising av politiattest utan merknad frå alle personar over 15 år som utfører oppgåver som inneber eit ansvars- eller tillitsforhold overfor mindreårige eller personar med utviklingshemming. Søkjarar må difor levere politiattest ved søknaden.
Følgjande tel positivt i vurderinga:
NFF trenerrettleiar
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Sogndal Fotball, HVL og NFF Sogn og Fjordane vil alle vere delaktige i tilsettingsprosessen, men den tilsette vil ha sitt tilsettingsforhold knytt til Sogndal Fotball. Den som vert tilsett må pårekne noko arbeid på kveld og i helgar og noko reising.
Kontaktpersonar knytt til stillinga er:
1) Sogndal Fotball: Konstitutert dagleg leiar Ole Erik Grinde, tlf.: 975 81 679, e-post: oeg@sogndalfotball.no
2) HVL: Assisterande instituttleiar Ane Solbraa, tlf.: 57 67 60 81 / 909 53 275, e-post: ane.solbraa@hvl.no
3) NFF Sogn og Fjordane: Kretsansvarleg spelarutvikling Jan Tore Jåstad, tlf.: 993 77 776, e-post: jantore.jastad@fotball.no