Digitaliseringsdirektoratet Hovedbilde

Vil du modernisere og utvikle det nye Noreg?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Senior systemutviklar Digitaliseringsdirektoratet Sogndal Fulltid
Digitaliseringsdirektoratet Logo

Digitaliseringsdirektoratet

Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger, Noreg
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Seksjonssjef Jørn Stenehjem
911 46 279 

Søknadsfrist

28. april 2021 Søk på stillinga her

Om stillinga

Vi søkjer senior systemutviklar til teamet som utviklar eFormidling og ELMA

Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) søkjer ein erfaren systemutviklar som kan bidra til å vidareutvikle våre nasjonale fellesløysingar. Med eit vidt spenn i arbeidsoppgåver utviklar vi digitale fellesløysingar for det offentlege. Kanskje kjenner du til ID-porten, Kontakt- og reservasjonsregisteret, ELMA eller eFormidling? Dette er løysingar som gjer Noreg enklare!

Teamet stillinga inngår i utviklar løysingar som bidrar til en meir sikker, samordna og effektiv meldingsutveksling. eFormidling gjer det mogleg å kommunisere på en enkel måte, utan å måtte ta omsyn til om mottakaren er ei privat verksemd, offentleg verksemd eller innbyggar. Elektronisk mottakaradresseregister (ELMA) er eit norsk register over føretak som tar i mot dokument i EHF-format og er ein av nøklane til det offentlege sin omfattande bruk av elektronisk faktura.

Les meir om løysingane på samarbeidsportalen: https://samarbeid.digdir.no/

Vi søkjer deg som vil bli ein del av eit av Noregs fremste kompetansemiljø innan systemutvikling. Vi har alltid fokus på sikkerheit og tilgjengelegheit, samtidig som vi arbeider med spennande teknologiar. I vår avdeling blir du ein del av eit større fagmiljø på snart 30 utviklarar. Du vil møte varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for personleg utvikling. Vi legg vekt på smidig arbeidsmetodikk og effektive leveransar. Du kjem til å arbeide med fagmiljø både i og utanfor Digdir.

Vårt utviklingsmiljø jobbar planmessig, med stor fagleg tyngde og høge ambisjonar. Det er viktig at du er nysgjerrig og utforskande innan teknologi og metodikk, og evnar å sjå korleis dette kan nyttast i utviklinga av digitale løysingar. Som medarbeidar hjå oss vil du ha stor påverking på val av teknologi og verktøy i ditt team.

Stillinga er fast med kontorstad i Sogndal kommune. Kontorstad på ein av våre andre lokasjonar i Brønnøysund eller Oslo kan vurderast i særlege tilfelle.

Arbeidsoppgåver

  • Systemutvikling i eit smidig produktteam
  • Delta i design, utvikling og forvaltning av våre fellesløysingar
  • Bidra til at sikkerheit og ytelse blir ivareteke
  • Bidra til automatisering, kontinuerleg integrasjon og deploy i vår byggepipeline
  • Vere pådrivar for kvalitet i kodeleveranse og rettleie andre utviklarar
  • Jobbe med avansert arkitektur for eksisterande og nye løysingar ved bruk av sky-teknologi
  • Fullstack-utvikling - jobbe med alt frå front end og REST APIer til back end integrasjon og database

Kvalifikasjonskrav

Du må ha

  • bachelor- eller masterutdanning innan programmering/systemutvikling. Lang og særleg relevant erfaring kan kompensere for noko av utdanningskravet
  • minst tre års relevant erfaring innanfor systemutvikling
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk


Avhengig av erfaring og utdanning ønskjer vi at søkjarane har god kunnskap og erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område

  • Systemutvikling i Java, gjerne med god kjennskap til Spring-rammeverket
  • Løysingsarkitektur som støttar kontinuerlege leveransar
  • Teamarbeid med utvikling basert på smidige metodar
  • Kvalitet i kodeleveranse inkludert modellering, "clean code" og testing
  • Applikasjonssikkerheit og utvikling
  • Drift og utvikling av sky- og container-baserte applikasjoner, spesielt Kubernetes og AKS
  • Front-end utvikling med bruk av for eksempel React og ait auge for god design

Om deg

Vi søkjer deg som

  • kan jobbe sjølvstendig og i team
  • tek initiativ når du ser nye moglegheiter
  • er engasjert, strukturert, analytisk og løysingsorientert
  • har stor arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne
  • ønskjer å ta ansvar i teamet og er open for å lære ny teknologia og metodikk

Vi tilbyr

  • arbeidsoppgåver på eit felt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag
  • eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
  • løn som rådgivar eller seniorrådgivar i lønnsspennet kr 526 000 – kr 864 100 etter kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare løn
  • familievennleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • opning for trening i arbeidstida
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar


Les meir om goda ved å jobbe i staten på Arbeidsgivarportalen.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss. Vi jobbar med å realisere regjeringas mål om at fem prosent av alle nytilsettingar skal vere personar med funksjonsnedsetting og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du oppgir opplysningar om funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CVen i søknaden, kan dette bli brukt anonymisert til statistikkformål.

Vil du vite meir?

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne

Seksjonssjef Jørn Stenehjem
E-post: jorn.stenehjem@digdir.no
Telefon: 911 46 279

Teamleiar Steinar Henriksen
E-post: steinar.henriksen@digdir.no
Telefon: 95819821