Vik Ørsta AS Hovedbilde

Vil du bli ein del av vårt salsteam for rekkverk?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Salskonsulent Vik Ørsta AS Vik Fulltid

Om stillinga

Vik Ørsta er på jakt etter ein motivert og omgjengeleg salskonsulent for å delta i salsarbeidet for våre trafikksikringsprodukt på vår avdeling i Vik i Sogn.

Eit rekkverk er ikkje berre eit rekkverk, men skal bidra til å redde liv i trafikken. Vi treng di hjelp for å nå visjonen om 0 drepte og hardt skadde i trafikken!

Stillinga byr på varierte og motiverande arbeidsoppgåver innanfor vårt sals- og marknadsarbeid på Noregs leiande avdeling for veg- og brurekkverk.

Hovudoppgåver vil vere:

  • Ordrebehandling og ordreregistrering.
  • Kundeoppfølging.
  • Oppfølging av prosjekt og leveransar.


Vi ser etter deg som:

  • Er omgjengeleg og inkluderande.
  • Kan behalde roa når det kokar rundt deg.
  • Kommuniserer klart og har evna til å fylgje opp.
  • Jobbar strukturert.
  • Har gode haldningar og lyst til å lære.

Dersom du har driv til å vere med på veg framover, integritet til å navigerer handlingane dine etter og omtanke for folk, så passar du godt inn hos oss!


Om søknaden

Søknad, CV og relevante vedlegg sendast via lenke på denne sida. Har du spørsmål om utfylling av CV? Kontakt gjerne Jobbnorge på tlf. 75 54

22 20.

Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt gjerne salssjef Lars Michal Holstad, tlf. 952 11 766.