Askvoll omsorgssenter er Askvoll kommune sin sjukeheim, og er inndelt i fire seksjonar; 47 plassar som består av langtidsplassar, korttidsplassar, bufellesskap.
Ein har i tillegg ansvar for ni omsorgsbustadar. Reinhald/vaskeri, nattevakter, aktivitør, fagutvikling og kjøkken er også ein viktige delar av omsorgssenteret.
Seksjonsleiar Askvoll omsorgssenter er administrativt og personalmessig leiar for Askvoll omsorgssenter.
Stillinga er administrativ, arbeid etter 37,5 t/veke og har kontorfellesskap med to andre seksjonsleiarar og tre ass. seksjonsleiarar.
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg fag- og leiaransvar for Askvoll omsorgssenter etter oppsette mål og rammer
- Budsjett- og personalansvar
- Sakshandsaming
- Sikre god brukarmedverknad og eit meiningsfullt tilbod til brukarane
- Internkontroll og HMS
- Samarbeid og samhandling med andre seksjonar og faggrupper i 1. og 2. linetenesta
Kvalifikasjonar:
- Relevant helsefagleg utdanning - autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Vidareutdanning innan leiing og administrasjon, eller vere villig til å ta slik utdanning
- Leiarerfaring er sterkt ynskjeleg
- Gode datakunnskapar og kjennskap til turnusarbeid
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Vi ynskjer ein person som er tydeleg og har evne til å leie andre
- Gode kommunikasjonsevner er særs viktig
- Ryddigheit og kunne arbeide effektivt er viktige eigenskapar i eit hektisk miljø
- Vidare legg vi vekt på ei løysningsorientert innstilling, evne til initiativ samt evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
- Godt humør og positiv innstilling er andre ynskjelege eigenskapar
Vi tilbyr:
- Sjølvstendig stilling
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver, høve til personleg utvikling
- Eit positivt og uformelt arbeidsmiljø
- Offentleg forsikring og pensjonsordning (KLP)
- Løn etter avtale
- Flyttegodtgjersle , jf. personalhandbok for Askvoll kommune
- Askvoll kommune vil vere hjelpsame med å skaffe bustad
Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande.