Trainee innan marknadsføring Bilde

Norec søker trainee innan marknadsføring

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee innan marknadsføring Norec Sunnfjord Trainee
Norec  Logo

Norec

Firdavegen 2, 6800 Førde, Norge
6800 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Anne Lise Bekjorden
99 28 43 45

Søknadsfrist

15. mars 2021 Søk på stillinga her

Du søker direkte til Norec på denne traineestillinga.

Søk traineestilling

Om stillinga

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit statleg forvaltningsorgan under Utanriksdepartementet. Vi forvaltar tilskot til internasjonal utveksling av tilsette mellom land i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Noreg. I 2019 var 200 organisasjonar frå 24 land involvert i 90 prosjekt med støtte frå Norec. Vi deler ut 140 millionar bistandskroner i året, og hovudoppgåva til kommunikasjonsavdelinga er å dokumentere kva midlane går til.

No ønskjer vi å ha ein marknadsføringstrainee med på laget. Er du klar for å jobbe med internasjonale spørsmål frå Førde? Vi søker nysgjerrige og kunnskapslystne nyutdanna som vil vere med å utvikle Norec til eit nasjonalt kompetansesenter for internasjonalt utvekslingssamarbeid.

I Norec vil du få 40 engasjerte kollegaer som har heile verda som sin arbeidsplass. Kommunikasjonsavdelinga i Norec består av eit team på fem, og vi produserer film, tekst og innhald til sosiale medium, nettside og nyheitsbrev. I tillegg hjelper vi alle avdelingane i Norec med intern og ekstern kommunikasjon.

Tilsetting: August 2021 til august 2022.

Arbeidsoppgåver

  • Jobbe med å formidle Norecs arbeid eksternt og internt
  • Jobbe med digital marknadsføring, innhaldsproduksjon, foto og video
  • Publisere i sosiale medium, lage nyheitsbrev og oppdatere nettsider
  • Utforme grafiske produkt og koordinere grafiske tenester
  • Jobbe tett på flinke og dedikerte fagfolk som brenn for sine felt
  • Få ei unik forståing av både styring av ei statleg verksemd, og utveksling som eit utviklingspolitisk verktøy på den internasjonale arenaen

Kvalifikasjonskrav

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Om deg

Det er fint om du har:

  • Relevant høgare utdanning innan kommunikasjon, PR, journalistikk, digital marknadsføring eller liknande
  • Svært gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, med god prioriteringsevne

Det er ein fordel om du har kjennskap til Adobe-pakken

Vi tilbyr

I Norec vil du få dyktige kollegaer som er opptatt av å ha eit godt arbeidsmiljø. Som del av eit lite team, får du mogelegeheit til å påverke korleis vi driv kommunikasjonsarbeid. Vi har gode velferdsordningar, vaflar og quiz om fredagane, og om du likar å trene, kan du gjere det i arbeidstida. Vi har fleksibel arbeidstid, så du når ein topptur før du stemplar inn om morgonen.

Stillinga er lønna etter stillingskode 1429 Aspirant.

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur