Trainee innan internasjonal utvikling Bilde

Norec søker trainee innan internasjonal utvikling

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee innan internasjonal utvikling Norec ( tidlegare Fredskorpset) Sunnfjord Trainee
Norec ( tidlegare Fredskorpset) Logo

Norec ( tidlegare Fredskorpset)

Firdavegen 2, 6800 Førde, Norge
6800 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Anne Lise Bekjorden
99 28 43 45

Søknadsfrist

15. mars 2021 Søk på stillinga her

Om stillinga

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit statleg forvaltningsorgan under Utanriksdepartementet. Vi forvaltar tilskot til internasjonal utveksling av tilsette mellom land i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Noreg. I 2019 var 200 organisasjonar frå 24 land involvert i 90 prosjekt med støtte frå Norec.

No ønskjer vi i programavdelinga ein trainee med på laget. Er du klar for å jobbe med internasjonalt utviklingsarbeid frå Førde? Vi søkjer nysgjerrige og kunnskapslystne nyutdanna som vil vere med å utvikle Norec til eit nasjonalt kompetansesenter for internasjonalt utvekslingssamarbeid.

I Norec vil du få 40 engasjerte kollegaer som har heile verda som sin arbeidsplass. Programavdelinga består av 21 personar og har som hovudoppgåva å forvalte tilskota til dei internasjonale prosjekta som jobbar med utveksling av frivillige og tilsette. Vidare har vi ansvar for å kurse både partnerar og deltakarar.

Tilsetting: August 2021 til august 2022.

Arbeidsoppgåver

  • Jobbe med programarbeid som støttar partnerskapa til Norec
  • Bistå oss i utvikling av digitale læringsressursar retta mot deltakarar og partnerar
  • Jobbe med logistikk som sikrar vellukka kurs – fysiske og digitale
  • Bidra til digital endring av måten vi driftar og lærer påJobbe tett på flinke og dedikerte fagfolk som brenn for sine felt
  • Få ei unik forståing av både styring av ei statleg verksemd, og utveksling som et utviklingspolitisk verktøy på den internasjonale arenaen

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant høgare utdanning
  • Svært gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Andre språk (mellom anna spansk) vil vere ein fordel
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Gode IT kunnskaper
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, med god prioriteringsevne

Felles krav til alle som søkjer Framtidsfylket Trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

I Norec vil du få dyktige kollegaer som er opptatt av å ha eit godt arbeidsmiljø. Du vil bli utfordra fagleg, for vi veit at nettopp din kompetanse vil utvikle Norec vidare. Vi har gode velferdsordningar, vaflar og quiz om fredagane, og om du likar å trene, kan du gjere det i arbeidstida. Vi har fleksibel arbeidstid, så du når ein topptur før du stemplar inn om morgonen.

Stillinga er lønna etter stillingskode 1429 Aspirant.

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre trainear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur