Vi søker næringssjef i Noregs friluftshovudstad

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Næringssjef Ullensvang kommune Ullensvang Fulltid

Om stillinga

Ullensvang kommune Kultur, næring og samfunn, Odda

Ullensvang er Noregs Friluftshovudstad! Her er alt lagt til rette for både det nære og det spektakulære friluftslivet, og vegen til dei minneverdige naturopplevingane er kort. Uansett om du går til dei høgaste toppane eller sitt på ein benk ved fjorden, kjem du tett på naturen og opplevingar som blir med deg vidare i livet.

Friluftshovudstaden har eit næringsliv i særs spanande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst. Jobben som næringssjef er ei av dei mest spanande stillingane i Vestland denne våren.

Kommunen har omlag 11 000 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen.

Ledig stilling som næringssjef

Me ynskjer å tilsetja ein drivande og engasjert næringssjef i 100% fast stilling. Stillinga ligg til sektoren Kultur, Næring og Samfunn. Kommunen har kontorfasilitetar i Odda, Jondal og Kinsarvik.

Arbeidsoppgåver

Næringslivet i kommunen er i ei rivande utvikling. Prosessindustrien er i gong med svært store investeringar som sikrar auka og meir klimavenleg produksjon. I tillegg pågår spanande pionerarbeid i høve bruk og lagring av hydrogen. Reiselivet er i god vekst, samstundes som siderprodusentane har skapt ein fantastisk merkevare for seg sjølve og regionen.

Næringssjefen vil følgje opp pågåande prosessar og vere næringslivet si inngangsdør til kommunen. Næringssjefen må såleis kunne koordinere kommunal oppfølging og sjå løysingar der kommunen skal samarbeide, bistå eller leggje til rette. Ullensvang kommune er i ferd med å vedta ein strategisk næringsplan. Denne vil vere eit godt styringsdokument for næringsarbeidet. I stillinga er det samstundes eit betydeleg handlingsrom til å kunne utvikle initiere nye initiativ og prosjekter.

Andre arbeidsoppgåver som ligg til stillinga:

  • gi råd til politisk og administrativ leiing i næringssaker
  • tilrettelegging og rettleiing til nyetablerarar
  • delta i aktuelle næringsfora, nettverk og samhandlingsarenaer
  • aktivitet mot investorar og selskap for etablering i kommunen
  • aktivt profilere kommunen
  • prosjektarbeid/leiing, analyse og rapportering
  • kontakt med Innovasjon Norge, Stat, fylkeskommune og Akademika
  • kople saman næringslivet, kommune og Akademia
  • god samhandling med planmynde
  • sakshandsaming og utgreiing i næringssaker
  • generelle oppgåver knytt til fagfeltet
  • deltaking i politiske møter

Kvalifikasjonskrav

  • relevant kompetanse frå universitet/høgskule
  • erfaring frå næringslivet og næringsetablering (gjerne eigen verksemd)
  • innsikt i kommunal forvaltning og relevant lovverk
  • kunnskap om prosjektleiing og utgreiing
  • kjennskap til nasjonale/internasjonale støtteordningar/program for næringsutvikling
  • kunne tileigne seg samfunnstrendar og forsikring

Om deg

  • strategisk, og evne til å omsette strategi til praksis
  • proaktiv og resultatfokusert
  • gode relasjonelle evner
  • handling- og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Ein svært spanande jobb, med påverknadskraft over eigen arbeidssituasjon og fagfeltet.
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit utviklingsretta fagmiljø
  • Gode moglegheiter for å utvikla kommunen, tenesta og eigen kompetanse
  • Fast 100 % stilling. Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.


Link til søknadsskjema: Send søknad