Sparebanken Sogn og Fjordane Hovedbilde

Marknadsførar

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Marknadsførar Sparebanken Sogn og Fjordane Sunnfjord Fulltid
Sparebanken Sogn og Fjordane Logo

Sparebanken Sogn og Fjordane

Langebruvegen 12
6800 FØRDE
Sjå bedriftsprofil

Kontakt

Johanne Viken Sandnes
95921208

Søknadsfrist

11. april 2021 Søk på stillinga her

Om stillinga

Har du lyst å jobbe med marknadsføring i eit tverrfagleg miljø i ein av Norges største sparebankar? Ein av våre dyktige tilsette skal flytte, og vi treng difor eit nytt tilskot i det kreative og engasjerte marknads- og kommunikasjonsteamet vårt.
Vi er på jakt etter eit nytenkande og analytisk marknadshovud som skapar innhald med meirverdi for kundane og lønnsam vekst for banken.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og produsere innhald til digitale marknadskanalar og vidareutvikle desse
  • Planlegge og gjennomføre tiltak for auka rekkevidde og konvertering
  • Rapportere resultat frå marknadsaktivitetar og analysere desse
  • Bidra i utviklinga av marknadsstrategien og synleggjere merkevaren vår
  • Vidareutvikle marknadsarbeidet innanfor sponsorarbeid, webinar, kampanjar, m.m.

Kvalifikasjonskrav

  • Høgare utdanning innanfor marknadsføring, informasjonsteknologi eller anna relevant utdanning
  • Relevant arbeidserfaring innanfor marknadsføring og kommunikasjon


Det er ein fordel om du har erfaring med

  • Verktøy som Apsis eller andre nyheitsbrev-verktøy, publiseringsverktøy, Facebook Business Manager, Google Ads, LinkedIn Ads og Google Analytics
  • Søkemotoroptimalisering
  • Grafisk design
  • Video og redigering
  • Webinar og podcast

Om deg

  • Er nysgjerrig på kven kundane våre er, kva dei vil og tenkjer og klarer å sette dette i system
  • Er med på å skape treffsikre bodskap og klarar å plassere desse på rett stad til rett tid til rette personen
  • Har eit godt auge for gode brukaropplevingar og ser nye løysingar
  • Søker aktivt ny kunnskap innanfor teknologi og kundeadferd
  • Har stor arbeidskapasitet kombinert med lyst til å skape endring og resultat saman med andre
  • God formuleringsevne, både munnleg og skriftleg. Målforma er nynorsk.

Vi tilbyr

  • Gode fagmiljø i ein marknadsorientert organisasjon med ei sterk merkevare
  • Varierte oppgåver med stor grad av sjølvstende
  • Konkurransedyktige vilkår, gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode moglegheiter for fagleg vidareutvikling
Sparebanken Sogn og Fjordane Kulturbilde