Hyllestad kommune Hovedbilde

Lærarstillingar ved Hyllestad barne- og ungdomsskule

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Hyllestad kommune Hyllestad Fulltid

Om stillinga

Hyllestad skule har ledige undervisningsstiliingar i grunnskulen frå skulestart i august 2022, både fast og vikariat.

Forutan basisfaga norsk, matematikk og engelsk treng vi nokon som kan undervise i framandspråk (tysk), norsk som 2. språk, KRLE, kroppsøving og gjerne programmering. Vi ønskjer søkjarar som kan ta på seg kontaktlæraransvaret.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging, gjennomføring og oppfølging av læringsarbeid
  • Bidra til eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane våre
  • Kontaktlærarfunksjon må påreknast
  • Oppfølging av elevar og kontakt med føresette
  • Samarbeid i team
  • Deltaking i skulen sine utviklingsprosessar

Kvalifikasjonskrav

  • Godkjent lærarutdanning, gjerne for 1.-7. trinn
  • Helst minimum 30 stp i norsk, matematikk eller engelsk
  • Undervisningskompetanse i tysk, musikk, KRLE, kroppsøving eller progammering er ein fordel
  • Erfaring og god kompetanse i bruk av digitale læringsverktøy
  • Undervisningserfaring
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne

Om deg

  • Du er fleksibel og løysingsorientert
  • Du er ein god og tydeleg klasseleiar
  • Du er god på relasjonar og kommunikasjon
  • Du er bevisst ansvaret ditt
  • Du likar å arbeide med barn og ungdom
  • Du er engasjert i å skape eit godt og inkluderande skulemiljø
  • Du veit at du er ei viktig brikke til eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivast best i ein aktiv og travel kvardag
  • Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar
  • Den som vert tilsett må kunne framvise godkjent politi- og helseattest før tiltreding

Vi tilbyr

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med kvalifiserte kollegaer
  • Ein arbeidsplass som er oppteken av kollektiv og individuell læring
  • Mentorordning for nyutdanna og nytilsette
  • Moglegheit for vidareutdanning
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Løn etter avtaleverket
  • Rimelege barnehageprisar
  • Bustadstilskot ved husbygging
  • Gratis trening i Hyllestadhallen i eitt år

Hyllestad kommune Kulturbilde