Sparebanken Sogn og Fjordane Hovedbilde

Kunderådgjevar privatmarknad på Vidsyn, Sløvåg i Gulen

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sparebanken Sogn og Fjordane Gulen Fulltid
Sparebanken Sogn og Fjordane Logo

Sparebanken Sogn og Fjordane

Langebruvegen 12
6800 FØRDE
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Torunn Mattson
47862735

Søknadsfrist

5. september 2021 Søk på stillinga her

Om stillinga

Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.

Banken har ledig stilling som kunderådgjevar privatmarknad med kontorstad Vidsyn, Sløvåg.
Vi ønskjer å utvikle posisjonen vår i Gulen/Nordhordland og søkjer ein dyktig kunderådgjevar som kjenner og har relasjonar i marknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Finansiell rådgjeving og kundeservice
  • Oppfølging og aktivitetar mot privatkundar
  • Jobbe målretta med å bygge eigen kundeportefølje
  • Aktivt sal og marknadsføring av banken sine produkt og tenester

Kvalifikasjonskrav

  • Har høgare utdanning og interesse for økonomi
  • Er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt
  • Kan skape tillit, gode relasjonar
  • Kan arbeide både sjølvstendig og i team
  • Er Autorisert Finansiell Rådgjevar, eller ønskjer å bli det
  • Har solid vurderingsevne og er trygg i relasjon med kunde

Om deg

Vi er interessert i deg som ønskjer å vere med å gje gode kundeopplevingar og å utvikle posisjonen vår som den lokale banken i området.

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande stilling med god moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit veldig godt arbeidsmiljø med gode kollegaer som vil ta godt imot deg
Sparebanken Sogn og Fjordane Kulturbilde