Sparebanken Sogn og Fjordane Hovedbilde

Vil du jobbe med næringslivet i Sogn og Fjordane?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Kunderådgjevar Bedriftssenter Sparebanken Sogn og Fjordane Sunnfjord Fulltid
Sparebanken Sogn og Fjordane Logo

Sparebanken Sogn og Fjordane

Langebruvegen 12
6800 FØRDE
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Helena Igelkjøn
415 00 933

Søknadsfrist

6. juni 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Vi har fokus på å gi kunden den beste rådgjevinga - i kombinasjon med god lokalkunnskap er dette Sparebanken Sogn og Fjordane si største styrke. No kan du få vere med på laget!

Vi søkjer Rådgjevar til vårt bedriftssenter. Vil du jobbe med næringslivet i regionen?

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere

  • Skape gode kundeopplevingar gjennom rådgjeving og kredittbehandling
  • Rådgjeving og behovsretta sal av banken sine produkt og løysingar til bedriftskundar

Bedriftssenteret har utstrekt kundedialog med mange ulike oppgåver som vil bli løyst direkte for kundane. Dette gjer at ein har ein variert arbeidsdag med ulike arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonskrav

Du har høgare utdanning, eller solid erfaring frå relevant arbeid som kan vege opp for kravet til utdanning.

Om deg

Vi ser etter deg som ser kundane våre. Du kartlegg behova deira og finn dei riktige løysingane for dei. Du utfordrar oss med nye idear og nye måtar å løyse kundebehov på. Du er engasjert, initiativrik og resultatorientert, og du bidreg til å gjere kundereisa god. Du har kjennskap/interesse for næringslivet i regionen. Som kollega er du ein lagspelar, men du har også driv og engasjement i sjølvstendig arbeid.

Vi tilbyr

Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis og gode pensjons- og forsikringsordningar. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.


Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 270 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.

Sparebanken Sogn og Fjordane Kulturbilde