Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Stryn kommune | Stryn | Fulltid |
Stryn kommune har valt å samle tekniske tenester, plan, kart og oppmåling, næring og beredskap under felles leiing. Dette for å samordne og forenkle tenestetilbodet. Vi søker difor etter ein samfunnsengasjert, handlekraftig og resultatorientert leiar som blir sentral i arbeidet med å utvikle kommunen i samhandling med ulike samfunnsaktørar.
Kommunalsjefen er ein del av kommunedirektøren si leiargruppe som skal følge opp politiske og administrative avgjerder. Kommunalsjefen skal vere med å utvikle kommunen sine tenester, arbeidsgjevarpolitikk og samfunnsrolle.
Kommunalsjefen har også det overordna fag- og økonomiansvaret for etaten.