Hyllestad kommune Hovedbilde

Ledig stilling som kjøkkensjef/forpleiingsleiar

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Kjøkkensjef Hyllestad kommune Hyllestad Fulltid

Om stillinga

Hyllestad kommune har ledig stilling som kjøkkensjef/forpleiingsleiar frå snarast, 100 % stilling for fast tilsetting. Som kjøkkensjef vil du ha ansvar for den daglege drifta av kjøkkenet, samt reinhald og vaskeritenesta.
Forpleiingsavdelinga består av tre kokkar, ein assistent i deltid, to reinhaldarar og ein vaskeriassistent. Avdelinga er lokalisert til Eiklund sjukeheim, Sørbøvåg. Dagleg lagar kjøkkenet mat til pasientar på sjukeheimen og til heimebuande. Vi har hovudsakleg kok/server, men òg kok/kjøl som vert levert til heimebuande. Arbeid etter oppsett arbeidsplan, dagarbeidstid og arbeid kvar tredje helg.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiing av forpleiingsavdelinga (kjøkken, reinhald og vaskeri)
  • Planlegge og utvikle meny
  • Produksjon av lunsj, middag og dessertar, samt kaffimat.
  • Ansvar for budsjett, innkjøp, lagerbehaldning og varetelling
  • Ansvar for internkontroll og hygiene
  • Personalansvar og oppsett arbeidsplanar
  • Utarbeide reinhaldsplanar
  • Følgje opp leverandørar

Kvalifikasjonskrav

  • Fagbrev som kokk, gjerne institusjonskokk
  • Helst leiarerfaring frå tilsvarande stilling
  • Utanlandsk utdanning bør vere NOKUT-godkjent
  • Kjennskap til bruk av elektroniske verktøy
  • Gjerne kjennskap til IK-mat og HACCP


Om deg

  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Du er motivert, engasjert og har godt humørDu har evne til å arbeide både i team og sjølvstendigDu bidrar til å fremje eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar og utviklingsmoglegheiter i eit godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP (2 % av løna vert trekt til pensjon)
  • Hjelp til å finne bustad om du treng det
  • Bustadtilskot til førstegangsetablerarar
  • Reduserte betalingssatsar i barnehagen
  • Fri tilgang til treningsrom/spinningsrom i idrettshallen
  • Løn etter tariff
Hyllestad kommune Kulturbilde