Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Høgskulen på Vestlandet | Sogndal | Fulltid |
Dette er Høgskulen på VestlandetHøgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 500 studentar fordelt på fem campus: Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studiar og Institutt for samfunnsvitskap. Fakultetet har om lag 2700 studentar og 140 tilsette.
Det er 11 bachelorprogram og 4 masterprogram ved fakultetet. FØS er vertsfakultet for doktorgradsprogrammet Ansvarlig innovasjon og regional utvikling (RESINNREG) som går på tvers av fleire fakultet i HVL. FØS har også eit doktorgradsprogram i nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sør Øst-Norge (USN).
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap, har ledig åremålsstilling som instituttleiar ved Institutt for samfunnsvitskap Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap søkjer instituttleiar til Institutt for samfunnsvitskap i fireårig åremålsstilling med tiltreding 01.01.2023.
Stillinga har arbeidsstad ved campus Sogndal, men den som vert tilsett må rekne med ein del reiseverksemd mellom campusa.
Ansvarsområde
Instituttleiar har det overordna ansvaret for instituttet og dei tilsette ved instituttet. Instituttleiar rapporterer til dekan, inngår i fakultetet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av fakultetet i samsvar med høgskulen sin strategi, målsetjingar og verdigrunnlag.
Instituttleiar skal, som fagleg ansvarleg, leggje til rette for at instituttet sine primærfunksjonar - utdanning, forsking, utvikling, innovasjon og formidling - held høg kvalitet.
Som ansvarleg for effektiv utnytting av instituttet sine ressursar, skal instituttleiar sjå til at dette skjer i samsvar med høgskulen sine mål, departementet sine rammer, tildelt budsjett og styret sine strategiske føringar.
Instituttleiar har òg ansvar for at forvaltingsoppgåver vert ivaretekne med god kvalitet og at oppgåveløysinga er i samsvar med god forvaltingspraksis.
Arbeidsoppgåvene i stillinga er i hovudsak knytt til
Dette omfattar mellom anna å
Instituttleiar skal også
Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følgje av strategiske vedtak i HVL
Formell utdanning og kompetanse
Generelle kompetansekrav
Personlege eigenskapar
Stillinga som instituttleiar lønt etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1475 - instituttleiar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at ønskje om å ikkje blir oppført på den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i offentleglova og at opplysningar om søkjaren kan bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om slikt unntak. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskjet ikkje vert teke til følgje.
Det kan bli endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:Dekan Torbjørn Roloff Heyerdahl, tlf. 55 58 58 00/977 35 365, e-post torbjorn.heyerdahl@hvl.no
Høgskulen på VestlandetSamspel, berekraft og nyskapingSamspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.
Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Les meir på våre heimesider.