Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Stad kommune | Stad | Fulltid |
Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som ingeniør på vatn og avløp (VA) i eining for kommunalteknikk.
Eining for kommunalteknikk har ansvar for all offentleg infrastruktur i kommunen - vassforsyning, avløpshandtering/overvatn, veg, park og kommunale hamner.
Den som vert tilsett i stillinga får oppmøtestad på Stad rådhus på Nordfjordeid.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Vi ber om relevante referansar av nyare dato. Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ta gjerne kontakt for ein prat om stillinga!