Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Hovedbilde

Museumspedagog

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Har du hjarte for kulturarv og brenn for formidling? Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Sogndal Deltid
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Logo

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Gota 16
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Synnøve S. Bjørset
908 52 334

Søknadsfrist

27. mai 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

I avdeling kulturhistorie har vi ledig 50% stilling som museumspedagog med hovudarbeidsstad på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Vi søkjer ein engasjert, strukturert og kreativ person som vil vere med å utvikle og styrke museet som arena for kunnskap og opplevingar.

Som museumspedagog vil du ha oppgåver knytt til planlegging, gjennomføring og evaluering av museet sitt formidlingstilbod til ulike målgrupper:

  • pedagogiske formidlingsopplegg for skule og barnehage
  • formidlingsopplegg og omvisingar for andre målgrupper
  • formidling i faste og skiftande utstillingar
  • aktivitetar og arrangement
  • formidling på digitale flater
  • kontakt med skular/barnehagar og eksterne samarbeidspartar

Du vil arbeide med både teoretiske, praktiske og administrative oppgåver.

Stillinga rapporterer til avdelingsdirektør kulturhistorie, medan det daglege arbeidet på museet blir koordinert av museumsleiar og i samarbeid med den andre museumspedagogen. I tillegg til å vere del av det lokale teamet på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, vil du også bidra til å løyse oppgåver i avdeling kulturhistorie og på andre museum ved behov.

Arbeidet vil vere noko prega av sesongsvingingar, og du må rekne med intensive arbeidsperiodar, så vel som noko arbeid på kveldstid og i helg. Stillinga har noko reiseverksemd i samband med deltaking på eksterne og interne arrangement.

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer deg som har:

  • minimum bachelor i kulturhistorie eller andre museumsrelevante fag
  • pedagogisk erfaring
  • erfaring med kultur-/kulturarvformidling
  • erfaring som utøvande formidlar for målguppe born og unge
  • erfaring med digital formidling
  • god og sikker munnleg og skriftleg kommunikasjonevne
  • førarkort kl. B og disponerer bil

Om deg

Vi søkjer deg som:

  • er trygg i formidlarrolla
  • arbeider sjølvstendig, metodisk og systematisk
  • trivst med variasjon i arbeidsoppgåver og intensive periodar
  • er omgjengeleg og har gode samarbeidsevner
  • er stødig og til å lite på

Vi tilbyr

Som tilsett i MiSF vil du vere del av eit dynamisk arbeidsmiljø prega av med høg kompetanse og stort engasjement.

Vi nyttar nynorsk som administrasjonsspråk og i skriftleg kommunikasjon med eksterne.

MiSF er ei IA-verksemd, og vi tilbyr god pensjonsordning gjennom KLP. Stillinga som museumspedagog blir løna etter avtale, og har stillingskode 1363 iflg. Landsoverenskomsten for museum (Virke).

Søknadsfrist 27.05.2022.

Nærare opplysningar får du ved å vende deg til museumsleiar Aud Ross Solberg på tlf. 47 45 27 68 avdelingsdirektør Synnøve S. Bjørset på tlf. 90 85 23 34.

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Kulturbilde