Hyllestad kommune Hovedbilde

Fysioterapeut

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Fysioterapeut Hyllestad kommune Hyllestad Fulltid

Om stillinga

Hyllestad kommune har ledig fast 100 % stilling som fysioterapeut frå 1.1.2022, og vi søkjer i det høvet etter ein engasjert fysioterapeut til omsorgstenestene våre.

Vi søkjer etter deg som har interesse for geriatri, då hovuddelen av stillinga er knytt til omsorgstenestene. Tverrfagleg samarbeid med helsetenesta blir òg ein del av arbeidet, retta mot alle typar brukarar. Som kommunal fysioteraeput er du med på å utvikle fysioterapitilbodet i kommunen, samordne rehabiliteringsarbeidet og sikre ei god og kvalitetssikra teneste. Kommunen har eigen ergoterapeut i full stilling, samt yter driftstilskot til to fysioterapeutar med klinisk praksis.

Arbeidsoppgåver

  • Utøve det daglege arbeidet knytt til fysioterapi ved sjukeheimen og i omsorgsbustader
  • Delta i rehabiliteringsarbeidet i kommunen
  • Bidra til formidling av hjelpemiddel
  • Drifte "Aktiv på dagtid" og frisklivssentral
  • Bidra til god internkontroll og kvalitetsutvikling
  • Ivareta naudsynt rapportering internt og eksternt
  • Intern opplæring

Kvalifikasjonskrav

  • Offentleg godkjent fysioterapeut, helst med interesse for og kunnskap om fysioterapi til geriatriske pasientar
  • Lang og relevant praksis er ein fordel
  • Gode IT-kunnskapar
  • Førarkort klasse B
  • Du må kunne vise fram tilfredsstillande politi- og helseattest før tiltreding

Om deg

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Vere sjølvstendig, men òg kunne arbeide i team, fleksibel
  • Evne til å strukturere og koordinere arbeid i ein hektisk kvardag
  • Medansvar for å fremje eit godt arbeidsmiljø
  • Bidra til å skape kontinuitet, kvalitet og stabilitet på arbeidsplassen

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Fagleg og personleg utvikling i eit godt og meiningsfullt arbeidsmiljø
  • Arbeid i ei teneste i utvikling og moglegheiter til å vere med å påvirke tilbod
  • Løn etter tariff og kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og konkurransedyktig løn
  • Hjelp til å skaffa bustad, barnehageplas og ein eventuell jobb til partnar
  • Barnehageplass med reduserte betalingssatsar
  • Gratis trening i Hyllestadhallen i 1 år
  • Fysioterapikontoret og treningssal er heilt nye og moderne

Hyllestad kommune Kulturbilde