Høgskulen på Vestlandet Hovedbilde

Førstekonsulent Servicetorget

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høgskulen på Vestlandet Sogndal Fulltid
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Erin Fausa Pettersen
951 43 100

Søknadsfrist

22. mai 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Dette er Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for studieadministrasjon er ein del av høgskulen sin fellesadministrasjon og høyrer til under prorektor for utdanning. Avdelinga har ansvar for eksamen, studentopptak og førstelinjeteneste, og eit medansvar for studentrekruttering.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for studieadministrasjon har ledig stilling som førstekonsulent i Servicetorget, campus Sogndal.
Om stillinga:
Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ledig ei fast stilling i 100% som førstekonsulent i Servicetorget ved campus Sogndal. Servicetorget høyrer til Avdeling for studieadministrasjon som har om lag 60 tilsette fordelt på alle dei fem studiestadane til HVL. Servicetorget er høgskulen si førstelinje.

Arbeidsoppgåver

  • Handsame førespurnadar til førstelinja på telefon og e-post
  • Publikumsmottak
  • Serviceadministrative oppgåver
  • Andre påkomne arbeidsoppgåver


Arbeidsoppgåvene er i utvikling, særleg med tanke på digitalisering. Endring i arbeidsoppgåver må difor påreknast.

Kvalifikasjonskrav

Formell utdanning og kompetanse:

  • Bachelorgrad eller spesialistutdanning tilpassa dei oppgåvene som skal utførast. Relevant erfaring/realkompetanse kan kompensere for utdanning.
  • Relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt
  • Gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i norsk og engelsk, god skriftleg framstillingsevne
  • God serviceinnstilling og flink til å samarbeide
  • God forståing for IKT-verktøy


Personlege eigenskapar:
Vi ser etter ein kollega som er positiv og imøtekommande. Som tilsett i Servicetorget må du vere løysingsorientert og profesjonell i møte med våre gjestar, studentar og tilsette. Du har erfaring i bruk av relevante IT-system og evne til å sette deg inn i nye administrative sakshandsamingssystem og -rutinar. Du må vere ansvarsfull og påliteleg og ha gode kommunikasjonsevner.

Vi tilbyr

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida


Stillinga som førstekonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408 - Førstekonsulent.
For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan stillingskode 1363 - Seniorkonsulent vurderast.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
Avdelingsleiar for studieadministrasjon Espen Fosse, tlf.: 52 70 26 16/ 917 59 332, e-post: espen.fosse@hvl.no

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.

  • Les meir på våre heimesider.
Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde