Hyllestad kommune Hovedbilde

Vi søkjer kommunelegar til å dekke opp ein fastlegeheimel

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Fastlegar i "Nordsjøturnus" Hyllestad kommune Hyllestad Deltid

Om stillinga

Vi ønskje å prøve ut ein ny modell for legetenesta vår, der vi deler opp ei legestilling i bolkar - som lege jobbar du 1-2 veker kvar, og vi ser for oss at stillinga kan delast på 3 personar. I tillegg kjem legevakter i interkommunalt samarbeid, lokalisert i Førde.


Legekontoret ligg på Hyllestad og er ope alle kvardagar. Kontoret har to fastlegeheimlar, samt sjukepleiar og helsesekretær, det er kommunen som driftar kontoret. Kontoret er velutstyrt med godt medisinsk utstyr og er samlokalisert med psykisk helse, helsestasjon, jordmor, NAV og fysioterapi.

Du er velkomen til å sende oss ein søknad digitalt via heimesida vår.

Arbeidsoppgåver

  • Fastlegeoppgåver
  • Smittevern
  • Legevisittar og konsultasjonar i heimetenesta
  • Kollegial fråværsdekning i legekontoret
  • Dei kommunale oppgåvene tillagt heimelen kan endrast etter avtale
  • Legevakt i interkommunalt samarbeid sys-ikl

Kvalifikasjonskrav

  • Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon
  • Spesialist i allmenmedisin
  • Meistrar skandinavisk språk og tilfredsstiller det skriftleg og munnleg
  • God kommunikasjon og relasjonelle ferdigheiter
  • Førarkort klasse B

Om deg

  • Systematisk, fleksibel og løysingsretta
  • Oppteken av å løfte fram andre - god rolleforståing
  • Er interessert i, og trivast med utviklingsoppgåver og innovasjon
  • Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner
  • Robust og stor arbeidskapasitet - klarer å stå i krevjande situasjonar og ta leiinga
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Arbeidsvilkår i tråd med gjeldande tariffavtalar
  • Pensjonsavtale i KLP
  • Fastløn eller privat praksis etter avtale
  • Spennande utviklingsoppgåver og tverrfagleg miljø
  • Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
  • Gratis bustad og reiser til og frå arbeid
  • Gratis tilgang til treningssenteret like ved legekontoret
  • Tilgang til bil
Hyllestad kommune Kulturbilde