Sparebanken Sogn og Fjordane Hovedbilde

Fagansvarleg HR

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sparebanken Sogn og Fjordane Sunnfjord Fulltid
Sparebanken Sogn og Fjordane Logo

Sparebanken Sogn og Fjordane

Langebruvegen 12
6800 FØRDE
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Eirik Rostad Ness
95122583

Søknadsfrist

11. april 2021 Søk på stillinga her

Om stillinga

Banken har ledig stilling som fagansvarleg HR ved hovudkontoret i Førde.

Er du ein person som vil ta eigarskap til oppgåver og prosjekt innan organisasjons- og kompetanseutvikling? Trivast du med å arbeide med folk, vere ein rådgjevar eller coach for leiarar og tilsette? Er du god på kommunikasjon og å bygge relasjon og skape tillit, er du kanskje den vi er på jakt etter.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide systematisk med organisasjons- og kompetanseutvikling. Ansvar for autorisasjonsordningane innanfor bransjen
  • Ha ansvar for rekrutteringsprosessar; annonse, rett involvering, intervju og tilsetting
  • Følge opp og rettleie tilsette og leiarar i ulike HR-oppgåver
  • Vere med å utvikle gode digitale læreplattformer og møteplassar
  • Delta i tverrfaglige prosjekt og arbeide tett opp mot ulike fagmiljø
  • Vere med å vidareutvikle bedriftskulturen, vere ein aktiv pådrivar til nye digitale konsept og kulturbyggande tiltak
  • Vere ein koordinator for ulike digitale og fysiske aktivitetar

Kvalifikasjonskrav

  • Har høgare utdanning, helst innan HR og organisasjonsutvikling

Om deg

  • Er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt
  • Kan skape tillit, gode relasjonar, er god på mellom-menneskelege forhold
  • Kan arbeide både sjølvstendig og i team
  • Har god digital kompetanse
  • Har god forretnings-og organisasjonsforståing

Vi tilbyr

Noko av det Sparebanken Sogn og Fjordane kan tilby er eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, høve til utvikling gjennom utfordrande arbeidsoppgåver i ein innovativ og framtidsretta bank.

Sparebanken Sogn og Fjordane Kulturbilde