Om stillinga
I takt med aukande oppdragsmengde på elementavdelinga, ynskjer vi å styrke vårt konstruksjonsteam. Vi leverer betongelement til bygg- og anleggssektoren, og du vil inngå i eit fagleg sterkt prosjekt- og konstruksjonsteam bygd opp av teknisk personell, ingeniørar og eit godt sosialt samhald.
Har du gått teknisk fagskule eller er byggingeniør? Då søker vi etter deg.
Hos oss får du sjå resultatet av arbeidet ditt, då vi føl prosjektet frå prising til prosjektering, produksjon og ferdig montert – i Førde Sementvare har vi heile prosessen i same bedrift!
Arbeidsoppgåver
- Prosjektering og dimensjonering av betongelement
- Mulegheit for prosjektleiing
- Utarbeide produksjonsteikningar i henhald til kravspesifikasjonar frå kunden
- Delta i kvalitetsarbeid
- Samarbeid med prosjektleiarar, salsavdeling, produksjon og montasje
Justering av arbeidsoppgåver kan vere aktuelt avhengig av kvalifikasjonsnivå.
Kvalifikasjonskrav
- Har gått teknisk fagskule eller er byggingeniør
- Har kjennskap til 2D og 3D verktøy som autoCAD/Tekla/Revit
- Samarbeidspartner som kan skape gode relasjonar til kollegaer og kunder
- Er kvalitetsbevisst og initiativrik
- Kan jobbe sjølvstendig og i team
- Erfaring med konstruksjon av betongelement er et pluss, men ikkje et krav
Vi oppfordrer òg nyutdanna til å søke.
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver og faglege utfordringar
- Eit høgt kompetansenivå i bedrifta og stor mulegheit for fagleg utvikling
- Godt sosialt arbeidsmiljø på alle nivå og på tvers av avdelinger
- Lønn etter avtale, gode pensjons- og forsikringsordningar
- Arbeidsplass i Loen eller Førde, med mulegheit for fleksibilitet med heimekontor
- Ein arbeidsplass sentralt i Førde eller Loen, med god tilgang på fantastisk vestlandsk natur!
Kandidatar vil bli kontakta fortløpande, så viss dette er ei stilling som er relevant for deg – søk i dag!