Rekneskap Fjordane AS Hovedbilde

Bli del av eit framtidsretta og fleksibelt rekneskapskontor

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Rekneskap Fjordane AS Sunnfjord Fulltid
Rekneskap Fjordane AS Logo

Rekneskap Fjordane AS

Vadheimsvegen 55, 6973 Sande i Sunnfjord, Norge
6973 Sande i Sunnfjord
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Andre Haugsbø
57718665 / 92618851

Søknadsfrist

15. november 2022

Om stillinga

Vil du jobbe i eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø? Vi i Rekneskap Fjordane søker 2 nye kollegaer. Kan det vere deg?

Hos oss blir du del av eit lokalt rekneskapskontor med stort mangfald. Her jobbar både nyutdanna og meir erfarne rekneskapsførarar, og på kundelista finn du små og store kundar innanfor alle typar bransjar. Til felles har vi at vi ønsker å gi det vesle ekstra til kundane våre, og at det skal vere låg terskel for å spørje kollegaer om hjelp. Vi er i dag 18 tilsette og tilbyr kontorplass i Førde og på Sande.

No ser vi etter deg som vil vere del av eit framtidsretta og fleksibelt rekneskapskontor. Vi oppmodar dei med økonomiutdanning om å søke, men om du har utdanning innan IT og interesse for eller fag frå økonomi, er du også velkommen til å søke. Vi ønsker både nyutdanna og erfarne rekneskapsførarar med på laget.

Arbeidsoppgåver

  • Rådgiving
  • Økonomistyring
  • Bokføring
  • Rapportering
  • Årsoppgjer

Kvalifikasjonskrav

  • Økonomiutdanning
  • IT-utdanning

Om deg

Vi søker deg som er:

  • Lærevillig og nysgjerrig
  • Open og positiv
  • Initiativrik
  • Løysningsorientert
  • Har gode formidlingsevner
  • Har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

Hos oss vil du få ein variert og fleksibel arbeidskvardag som du i stor grad styrer sjølv. Du vil ha ansvar for di eiga kundeportefølje og jobbe med både små og store kundar. Vi har eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med kultur for å hjelpe kvarandre, og i løpet av året arrangerer vi sosiale samlingar. I tillegg kan vi tilby:

  • Kurs og kompetanseheving
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode vilkår med forsikring og pensjon
  • Ny og moderne programvare
  • Heimekontor ved behov

Vi ser fram til å høyre i frå deg. Søknad sender du til: andre.haugsbo@rkontor.no

Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål om stillinga.

Rekneskap Fjordane AS Kulturbilde