Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Gloppen kommune | Gloppen | Fulltid |
Gloppen kommune har tre kommunale barnehagar. Alle barnehagane i Gloppen jobbar med kvalitet og leiing /resultatleiing. Administrasjonsmålet er nynorsk. Det er låg arbeidsløyse i kommunen og både næringsliv og kommunen har trong for kompetente medarbeidarar på nær sagt alle kompetansenivå. Besøk kommunen si nettside for informasjon om kommunen og kva vi har å by på.
Vi lyser ut stillingar som no er ledige:
- Hyen barnehage, 100 % fast stilling som barnehagelærar.
- Mona barnehage, 60% vikariat barnehagelærar for barnehageåret 22/23. Mogeleg for større stilling om du kan gå inn som vikar på ulike avdelingar og evt barnehagar.
Mona barnehage:
Hyen skule og barnehage:
Vi søkjer etter engasjerte medarbeidarar som er positivt innstilt til endringsarbeid. Vedkommande må vere reflekterte kring fagleg utvikling. Våre nye medarbeidarar må vere ansvarsbevisste, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i team. Dei må ha fokus på samspel og relasjon og det å vere ein del av kontinuiteten på avdelinga. Vedkommande må vere strukturert og ha tydeleg gruppeleiing. Erfaring i forhold til satsingsområda til den einskilde barnehage vil telje positivt.
Personlige eigenskapar vert tillagt stor vekt i den samla kvalifikasjonsvurderinga.
Om søkjarane blir vurdert likestilt vil menn bli føretrekt.