Sparebanken Sogn og Fjordane Hovedbilde

Banksjef privatmarknad Indre Sunnfjord

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sparebanken Sogn og Fjordane Sunnfjord Fulltid
Sparebanken Sogn og Fjordane Logo

Sparebanken Sogn og Fjordane

Langebruvegen 12
6800 FØRDE
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Linda Vøllestad Westbye
976 72 504

Søknadsfrist

3. oktober 2021 Søk på stillinga her

Om stillinga

Indre Sunnfjord er eitt av våre største kontor, og som banksjef får du ei sentral rolle i eit viktig område. Du får ansvar for å vidareutvikle banken sin posisjon og omdømme i eit viktig marknadsområde, ansvar for resultatoppnåing, kundelojalitet og kundetilfredsheit.

Arbeidsoppgåver

Avdelinga består av kompetente og engasjerte medarbeidarar som du skal leie og utvikle. Du er ein samlande leiar som er flink til å inspirere og motivere, og du skapar tillit og gode relasjonar til kundar og gode kollegaer. Vi ønskjer at du har stor gjennomføringskraft og gode kommunikasjonsevner.

Kvalifikasjonskrav

• Har høgare, relevant utdanning
• Er ein positiv lagspelar med gode leiareigenskapar
• Er utprega serviceinnstilt og med god vurderingsevne
• Er proaktiv, strukturert og engasjert
• Er oppteken av å drive utvikling og skape resultat
• Har evne til å kommunisere tydeleg, og har god forretningsforståing

Om deg

Er du kompetent og motivert, trivast med sal og leiing og kan skape tillit og gode relasjonar, er du kanskje den vi er på jakt etter.

Vi tilbyr

• Ei spennande og utfordrande leiarstilling med god moglegheit for personleg utvikling
• Eit godt arbeidsmiljø i ein innovativ og framtidsretta bank
• Ein utviklingsorientert organisasjon
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Løn etter avtale

Sparebanken Sogn og Fjordane Kulturbilde