Avdelingsleiar ved Miljøarbeidertenesta

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Avdelingsleiar ved Miljøarbeidertenesta (4539757658) Gloppen kommune Gloppen Fulltid
Gloppen kommune Logo

Gloppen kommune

Grandavegen 9
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Synnøve Marie Hestenes
578 83 800

Søknadsfrist

5. august 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Miljøarbeidertenesta yter tenester til menneske med psykisk utviklingshemming og psykiske lidingar. Nordåsen, Åsateigen, Åsavegen og Myklebusttunet yter tenester til vaksne bebuarar som bur i eigne bustadar med heildøgnsbemanning. Uteteamet bistår menneske som har behov for teneste i eigne bustadar i kommunen. Solsikka er ein avlastningsbustad for barn og unge 0-18 år.

Miljøarbeidertenesta har ledig stilling som avdelingsleiar i 100 % stilling. Ved behov vil det vere forventa at avdelingsleiar arbeider i miljøet.

Stillinga er midlertidig fram til 31.12.22, med fast tilsetting som miljøterapeut om stillinga ikkje blir vidareført.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg ansvar for tenestene i ansvarsområde
  • Fagleg ansvar
  • Personalleiing
  • Samarbeid med eksterne og interne instansar.
  • Dagleg ansvarleg for kap 9A

Kvalifikasjonskrav

  • Vi søkjer etter medarbeidar med helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning
  • Det er ønskjeleg med leiarutdanning/leiarerfaring.
  • Det er viktig med god norskkunnskap, IKT-kompetanse og god evne til skriftleg og munnleg framstilling

Om deg

  • Vi ønskjer ein engasjert leiar som vil arbeide for ei god fagleg og organisatorisk utvikling av tenesta.
  • Leiar skal vere pådrivarar for å skape gode tilbod til brukarane, ha evne til å leie og motivere dei tilsette, og bidra til å arbeide systematisk og strukturert for å oppnå resultat i arbeidet.
  • Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst og ha evne til samarbeid. Det er viktig å vere løysingsorientert og ha gode kommunikasjonsevner.

Vi tilbyr

  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
  • Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
  • Kompetanseheving